Niklas Wallenlind () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Göteborg. Han tevla i fremste rekke på 400 meter hekk, men òg på 400 meter.

Aktiv Wallenlind slo gjennom sommaren 1990 då han vann bronsemedaljen ved EM i Split på 400 meter hekk. Han fekk tida 48,52 sekund i finaleløpet, einast Storbritannias Kriss Akabusi (47,92) og hans eigen landsmann Sven Nylander (48,43) sprang fortare. To år seinare vart Wallenlind femtemann på langhekken under Sommar-OL i Barcelona. I finalen sette han nordisk rekord med 48,35, løpet vart vunne av Kevin Young frå USA som sette verdsrekord på 46,78 sekund (ein rekord som gjeld i 2020). Wallenlinds nordiske rekord vart derimot sletta av Sven Nylander allereie i 1994.

Wallenlind vart svensk meister fire gongar på 400 meter hekk og tre gongar på 400 meter. Personbeste på 400 m er 46,37 sekund, også den personlege rekorden oppnådd i august 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 48,52 VM 1991 i Tokyo: Nr 8 – 50,28 OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 48,35 VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane (50,46=nr 16) EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane (49,31=nr 9) VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (49,91=nr 25)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Niklas Wallenlind» frå , den 28. august 2020.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Svenske hekkeløparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992