Superstition er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1991. Den første singelen, «Kiss Them for Me», gav bandet den første topp 40-hitten deira på Billboard Hot 100 i USA, då han nådde 23. plassen. Albumet nådde 65. plassen på Billboard 200-lista. Bandet utvida den musikalske horisonten sin og fekk med seg den indiske musikaren Talvin Singh, som spelte tabla på songane «Kiss Them for Me» og «Silver Waterfalls».

Bakgrunn og marknadsføring Albumet vart produsert av Stephen Hague, kjend for å arbeide med New Order og Pere Ubu. Hague nytta teknikkar som Siouxsie Sioux seinare mislikte, som databasert produsent. Ho sa «Det er framleis songar eg likar der, som 'Kiss Them for Me' og 'Drifter', men me prøvde ein annan arbeidsstil, ein annan type disiplin, der eg verkeleg vart i mot datamaskinar.»Gülden, Gitti. «If you knew Siouxsie». Rock World. 1. oktober 1992.

I 1991 brukte bandet to månader på vegen, frå juli til august, i USA som nest øvst på plakaten på den første Lollapalooza-turneen. Den siste konserten var i Seattle den 31. august. To veker seinare nådde albumet 65. plassen på Billboard 200-lista den 14. septemberBillboard 200 - week 14. september 1991. Billboard. Henta 27. august 2020 og låg totalt 21 veker inne på lista. Det vart det bestseljande albumet deira i USA og hadde i 2004 selt nesten 360 000 eksemplar der, i følgje Nielsen SoundScan.

Utgjeving Albumet vart gjeve ut på nytt og ommastra med bonusspor i oktober 2014. I september 2018 kom albumet ut på ny med ommastra lyd på 180-grams dobbel vinyl.

Mottaking

Superstition fekk god kritikk av kritkarane. Q gav albumet fire av fem stjerner og sa: «Dei gjer det meir pop med søte strykarar på singelen 'Kiss Them for Me', går ned mot maritime metaforar på 'Drifter' med illevarslande tåkelur og bjøller, som gjev det eit Twin Peaks-aktig landskap for 'Softly'.»Sutcliffe, Phil. Superstition review. Q. June 1991 Melody Maker likte godt den første singelen: «'Kiss Them for Me' er herleg, vond og glamorøs».The Stud Brothers. Melody Maker. 11. mai 1991. I same magasinet skildra Jon Wilde som Superstition «ei enorm plate om mani, perspektiv og kjenslemessig tyranni». Wilde sa at songen «The Ghost in You» var «eit rasande vakkert refreng på seks tonar som heimsøker ein lenge etter platespelaren er slått av».Wilde, Jon. «The Mirror Crack'd» [Superstition - review]. Melody Maker. 8. juni 1991. I ei melding for fire av fem stjerner skreiv Select at «Kiss Them for Me» var ein «lidenskapeleg tilbakelent» singel, «eksotisk» og «funky», med «ein roleg, underliggande elektro-puls» som gjorde han dansevennleg. Resten av albumet vart òg omtalt på positivt vis. «Drifter» vart samanlikna med musikken til ein Sergio Leone-film med ein smak av «eterisk sensualitet», og «Silver Waterfalls» vart omtalt som «nydeleg». Meldaren skreiv at albumet endar med den «delikate» «Softly», som har ein naken tekst og er var nok til nesten vere Scott Walker.Brown, Glyn. «Siouxsie and the Banshees Superstition - review». Select. July 1991.

Innhald All musikk av Siouxsie and the Banshees.

Medverkande Siouxsie Sioux – vokal Steven Severin – bass, klaverinstrument Budgie – perkusjon, trommer, klaverinstrument Jon Klein – gitar Martin McCarrick – dulcimer, cello, klaverinstrument

Andre medverkande Talvin Singh – perkusjon, tabla, tavil

Teknisk Stephen Hague – produsent Mike «Spike» Drake – lydteknikar Nigel Godrich – assisterande lydteknikar Abdul Kroz-Dressah – assisterande lydteknikar Will O'Sullivan – assisterande lydteknikar Nigel Vichi - design Siouxsie and the Banshees – design Donna Francesca – fotografi

Salslister Album ListePlassering Europeiske album (Music & Media) 39UK Albums Chart25US Billboard 200 65

Singlar År Singel Liste Plassering1991«Kiss Them for Me»US Hot Dance Music/Club Play8US Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales9US Modern Rock Tracks1US Billboard Hot 10023«Shadowtime»US Modern Rock Tracks131992«Fear (Of the Unknown)»US Hot Dance Music/Club Play6US Modern Rock Tracks12

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Superstition (Siouxsie and the Banshees album)» frå , den 28. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Siouxsie and the Banshees-album Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Stephen Hague Kategori:Polydor Records-album Kategori:Geffen Records-album