Singularity er det 31. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans eige Fie! Records i desember 2006.
Albumet var det første Hammill spelte inn etter han hadde hatt eit hjarteinfarkt i 2003. Somme av songane («Our Eyes Give It Shape», «Event Horizon») refererer direkte til nær-døden-opplevinga han hadde. Andre songar omhandlar dødelegheit på andre måtar («Meanwhile My Mother» om då mora gjekk bort, «Friday Afternoon» om då pianostemmaren hans brått gjekk bort).
I motsetnad til nyare Hammill-album, er Singularity spelt inn heilt solo. Det vart skrive, framført og produsert av Hammill sjølv. Det er blitt rekna som eit av dei beste albuma hans sidan 1980-åra.Mike Barnes, Life Sentences. Wire, March 2007. pp. 34-41
Plateomslaget vart designa av den mangeårige samarbeidspartnaren til Hammill, Paul Ridout. Han brukte eit fotografi av Dinu og leika med omgrepet «Singularity».
Innhald
Medverkande Peter Hammill – vokal, alle instrument
Teknisk Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Bath) Paul Ridout - plateomslag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Singularity (Peter Hammill album)» frå , den 9. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Peter Hammill-album