A Grounding in Numbers er det 11. studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Van der Graaf Generator. Det kom ut 14. mars 2011. Denne datoen, skriven på amerikansk vis med månaden først, er 3.14, som er dei første tre tala i π. Det andre sporet, «Mathematics», syner til Euler-likskapen, stundom kjend som det matematiske diktet. Albumet held fram den musikalske retninga som trioen byrja med på det førre albumet, men er gjeven ut på eit nytt selskap, Esoteric Recordings. Albumet vart miksa av Hugh Padgham.

Bakgrunn Førebuingar for arbeidet med det nye albumet byrja seint i 2008 og tidleg i 2009, då bandmedlemmane byrja å samle songfragment og utveksle «idear, teoriar, reglar og retningslinjer». I april 2010 møttest bandet for nokre intensive innspelingsdagar i Cornwall der heile albumet vart arrangert, innøvd og innspelt i løpet av ei veke. Over dei neste månadane vart spora overdubba, redigert og tilpassa av bandmedlemmane i sine eigne studio ved å utveksle filer over internett og på CD-R. I september 2010 var materialet klart til å miksast og dei tok kontakt med Hugh Padgham. Etter tre veker i studioet hans i London, Sofasound, var albumet klart.

Innhald

Medverkande Van der Graaf Generator Peter Hammill – vokal, piano, elektrisk gitar (og Ashbory-bass på «Splink»)Album notes for A Grounding in Numbers (2011). Esoteric Recordings. Hugh Banton – orgel (inkludert basspedalar), bassgitar og cembalo, piano, klokkespel, 10-strengs bass, gitar på «Smoke») Guy Evans – trommer, perkusjon (og gitar på «5533»)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Grounding in Numbers» frå , den 9. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Esoteric Recordings-album