Heike Meißner () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Dresden. Ho vann sølvmedaljen i 400 meter hekk under europameisterskapen 2002 i München, åtte år etter ho var med å vinne bronsemedaljen i 4 x 400 m stafett ved EM i Helsinki.
Aktiv Meißner kom på sjuandeplass i 400 m hekk både ved VM-debuten 1991 og VM-exiten 2003. I mellomtida høyrde ho til eliten i øvinga, bortsett frå eit par-tre sesongar ho prøvde seg på 800 meter. Såleis vart ho nummer fire i så vel EM 1994 og VM 1995, samt nummer 5 under OL 1996. Ved europameisterskapen i Helsinki fekk ho elles med seg ein bronsemedalje med di ho sprang andre etappen for Tyskland i 4 x 400 m stafett.
I 1998 satsa Meißner på 800 meter. Den 12. august i Zürich sette ho personleg rekord på distansen med tida 1.59,50. Veka etter vart ho nummer seks i EM-finalen i Budapest på 2.01,36. Frå 2000-sesongen var ho tilbake som langhekkløpar. Under europameisterskapen 2002 sikra ho seg sølvmedaljen bakom Ionela Târlea, den suverene vinnaren av løpet frå Romania.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Nr 7 i 400 m hekk – 55,26 OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (55,35=nr 12). Nr 6 i 4 x 400 m stafett (3.26,3) VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (54,64=nr 10). Nr 5 i 4 x 400 m stafett (3.25,4) EM 1994 i Helsinki: Nr 4 i 400 m hekk – 54,79. Bronse i 4 x 400 m stafett (3.24,10) VM 1995 i Göteborg: Nr 4 i 400 m hekk – 54,86 OL 1996 i Atlanta: Nr 5 i 400 m hekk – 54,03 EM 1998 i Budapest: Nr 6 på 800 m – 2.01,36 OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (55,73=nr 12). VM 2001 i Edmonton: Utslått i forsøket i 400 m hekk (56,79=nr 18) EM 2002 i München: Sølvmedalje i 400 m hekk – 55,89, bakom Ionela Târlea (54,95) VM 2003 i Paris: Nr 7 i 400 m hekk – 55,60
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heike Meißner» frå , den 8. august 2020.
Denne artikkelen bygger på «Heike Meißner» frå , den 8. august 2020.
Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000