thumb|Området omfatta av blokaden (2009). Blokaden av Gazastripa viser til ein blokade av Gazastripea som vart iverksett av Egypt og Israel i juni 2007 etter at Hamas hadde teke kontroll over det palestinske territoriet etter konflikt med den rivaliserende gruppa Fatah.Hamas warns Israel it will extend range of rocket fire over raids Al Jazeera Blokaden avløyste dei økonomiske sanksjonane mot den palestinske sjølvstyremakta som tok til etter at Hamas vann 74 av 132 plassar ved valet til den lovgjevande forsamlinga i Palestina 26. januar 2006.
I byrjinga var blokaden omfattande, men han har gradvis blitt avgrensa slik at han ikkje har vore til hinder for humanitær hjelp. I 2012 erklærte Hamas at blokaden var overvunnen.Qatar visit breaks Gaza ice, delights Hamas Reuters Dei seinare åra har blokaden berre omfatta våpen og materiale som kan nyttast i krigføring og produksjon av våpen.Boat trying to break Gaza blockade seized by Israeli navy Times of Israel Israelske marinestyrkar overvaker blokaden frå sjøsida med ei offisiell grenseline tre nautiske mil frå kysten. Egypt på si side byggjer ei underjordisk stålsperring for å hindra at blokaden vert omgått ved bruk av tunnelar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blokaden av Gazastripen» frå , den 9. august 2020.
Kategori:Gazastripa Kategori:Hendingar på 2000-talet