Still Life er det sjette studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, gjeve ut i 1976. Det var det andre albumet deira etter dei kom saman att i 1975, etter Godbluff. Ei ommastra utgåve kom ut i 2005 med eitt konsertopptak som bonusspor.
Plateomslag Plateomslaget var fotografert av Paul Brierley, og syner ein Lichtenberg-figur. Biletet vart skildra av journalisten Geoff Barton i Sounds: «Det er faktisk eit stillbilete av den elektriske utladninga frå ein verkeleg Van de Graaff-generator, sett i akryl.»
Respons Geoff Barton i Sounds skreiv: «Der 'Still Life' er betre enn dei førre platene deira er i den presise og nøyaktige reproduksjonen av vokalen til Hammill. Han 'syng' eigentleg aldri, det er i staden mumling, rop, skrik og snakking, og denne variasjonen har tidlegare vore særs vanskeleg for lydteknikarar å fange. Her kan ein høyre kvar einaste stille nyanse i stemmebanda med stor suksess, noko som skapar større variasjon, ei mengd lys og mørke. Still Life er eit essensielt album. Om du syns du har problem, høyr på Hammill sine og du vil truleg aldri nokon gong uroa deg over noko uviktig igjen.»Barton, Geoff: «VDGG: a smile, a song and a nervous breakdown», Sounds, May 1976
Jonathan Barnett i New Musical Express skildra songane på albumet: «Dei startar med den typen sjukeleg overfølsemd, du veit... irriterande, eksistensialistiske replikkar, akkompagnert av fordekte, svirrande, maniske melodiar som understrekar personlegdomssorienteringa til heile greia.»Jonathan Barnett, New Musical Express, May 1976.
Steven McDonald i AllMusic skreiv at songane til Hammill er «..eit dødt løp på eit grandiost konsept eller to - konsekvensane av udødelegheit på tittelsporet, og den store lagnaden til menneskja på den episke 'Childlike Faith in Childhood's End'.» McDonald konkluderer: «Det verkelege høgdepunktet er derimot den vakre, tankefulle «My Room (Waiting for Wonderland)», med sine ekko av fantasi og tap. Hammill oppnådde ikkje noko så smertefullt vakkert igjen før «This Side of the Looking Glass» på Over.»
I eit intervju i Mojo i 2002 sa Hugh Banton: «Eg hugsar me gjorde Still Life, som truleg er favoritt albumet mitt av Van der Graaf, og Charisma kom og sa 'Åh, dette er berre eit mellombels album'. Mellombels album!? Me lagar ikkje mellombelse album!»
Innhald Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Peter Hammill – vokal, gitar, piano David Jackson – tenor og sopransaksofon, fløyte Hugh Banton – Hammondorgel, bass, Mellotron, piano Guy Evans – trommer, perkusjon
Teknisk Pat Moran – lydteknikar, miksing Arun – lakkskjering Mike Van der Vord – fotografi (bakside) Paul Brierley – fotografi (framside)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Still Life (Van der Graaf Generator album)» frå , den 28. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Van der Graaf Generator – Still Life (1976) – på Discogs.com Van der Graaf Generator – Still Life (1976) – på ProgArchives.com
Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Charisma Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios