The Quiet Zone/The Pleasure Dome er det åttande studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, utgjeve i 1977. Det var det siste studioalbumet deira før dei kom saman att i 2005.Christopulos, J., and Smart, P.: «Van der Graaf Generator - The Book», page 266. Phil and Jim publishers, 2005. Albumet har ein meir energisk, new wave-stil enn dei tre nærmaste føregangarane, og synte fram mot soloarbeidet til songaren og låtskrivaren Peter Hammill si karriere seint i 1970-åra.
For dette albumet var bassisten Nic Potter komen attende til bandet, etter at han slutta i 1970. Dei hadde òg med seg fiolinisten Graham Smith (String Driven Thing), som kom med i besetninga, og erstatta to medlemmar som hadde slutta etter det førre albumet, World Record (oktober 1976). Dette var organisten Hugh Banton og saksofonisten/fløytisten David Jackson. Dette hadde stor innverknad på stilen til bandet. Offisielt korta dei ned namnet sitt til «Van der Graaf» for dette albumet og konsertalbumet Vital (juli 1978), som følgde, men under marknadsføringa til Charisma Records vart både det korte og fulle namnet nytta.
Mottaking
Kritikarane var positive til albumet. Melody Maker sa at bandet « har nettopp kome opp med eit album som endeleg utløyser potensialet dei har vist så lenge».
Innhald Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Van der Graaf Peter Hammill – vokal, piano, gitar Graham Smith – fiolin Nic Potter – bassgitar Guy Evans – trommer, perkusjon David Jackson – saksofon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Quiet Zone/The Pleasure Dome» frå , den 28. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Van der Graaf - The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) på Discogs.com Van der Graaf - The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) på ProgArchives.com
Kategori:Van der Graaf Generator-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Charisma Records-album Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios