Starmus-Sonic Universe er det 138. albumet totalt og det 34. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2013.

I juni 2011 spelte Tangerine Dream på Starmus-festivalen på Tenerife og hadde med seg gitaristen Brian May som gjesteartist. Plata kom ut to år seinare på ein dobbel-CD. I tillegg til konsertversjonar av kjende Tangerine Dream-komposisjonar, er her òg to nye spor, «Supernova» og «Janus Parade», som ikkje er gjevne ut før, begge av Brian May og framført i lag med Tangerine Dream. Dei spelte òg ein versjon av den russisk-språklege songen «Tenderness», sungen av Iris Camaa.

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument Thorsten Quaeschning - klaverinstrument Linda Spa - saksofon, fløyte, klaverinstrument Iris Camaa - elektroniske trommer og perkusjon Bernard Beibl – gitar Hoshiko Yamane – elektrisk og akustisk fiolin

Gjesteartist Brian May - gitar

Kjelder

Kategori:Konsertalbum frå 2013 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream