The Cinematic Score GTA 5 er det 142. albumet totalt og det 60. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve mars 2014.
Bakgrunn I 2013 bidrog Tangerine Dream med musikk til videospelet Grand Theft Auto V. Andre artistar som bidrog med musikk var Woody Jackson, Alchemist og Oh No.
I eit intervju med ein fan-blogg fortalte Edgar Froese: «Eg vart kontakta av Rockstar i New York og eg sa 'eg hatar videospel, har aldri laga noko til det', og eg avslo store tilbod frå dei. Etter å ha snakka med sjefen deira fann eg ut kva filosofien var: Arbeid mot etablissementet. Så det er eit sosialt spel. Mange folk forstod ikkje filosofien med spelet. Så eg gjekk med på tilbodet deira.»
Delar av musikken vart gjeven ut som volum 2 av albumet The Music of Grand Theft Auto V. Volum 1 inneheldt ikkje noko musikk av Tangerine Dream, så bandet valde å gje ut ei avgrensa plate med berre komposisjonane som Tangerine Dream hadde bidrege med til spelet. Plata var avgrensa til 2000 eksemplar.
Innhald
Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 2014 Kategori:Tangerine Dream-album