mini|'Gud skapar Adam' av Michelangelo.
Italiensk renessanse var den tidlegaste fasen av renessansen, som var overgangsperioden mellom mellomalderen og tidleg moderne tid (frå slutten av 1300-talet til kring 1600). Omgrepet renessanse er hovudsakleg moderne og kom i bruk på 1800-talet, i arbeida til historikarar som eksempelvis Jacob Burckhardt. Det er vanleg å dela renessansen inn i tidleg renessanse (òg kalla quattrocento) og høgrenessansen. Seinrenessansen blir gjerne kalla for manierismen.
Sjølv om opphavet til retninga, som hovudsakleg var avgrensa til den litterære kulturen, kan sporast attende til første del av 1300-talet, blei mange sider ved italiensk kultur og samfunn verande mellomalderske: renessansen kom ikkje fullt i gang før på slutten av hundreåret. Ordet «renessanse» (rinascimento på italiensk) tyder 'gjenføding', og tida er mest kjent for den fornya interessa for den antikke oldtidskulturen, som oppstod etter den perioden som humanistane til renessansen kalla nedsettande for «den mørke tidsalderen» eller «mellomalderen», det vil seia perioden mellom antikken og deira eiga tid. Sjølv om endringane var betydelege var dei konsentrert til eliten og dei øvste klassane i samfunnet, og for den store majoriteten av folkesetnaden var livet lite endra frå mellomalderen.
Den italienske renessansen byrja i Toscana, og var sentrert rundt byar som Firenze og Siena. Han hadde seinare ein betydeleg innverknad på Venezia, der levninger frå antikk gresk kultur blei samla og tilførte nye impulsar til humanistiske forskarar. Renessansen hadde seinare òg ein betydeleg effekt på Roma, som blei utsmykka med nokre strukturar i den nye moten all'antico, og deretter ombygd av pavane på 1500-talet. Den italienske renessansen hadde eit høgdepunkt på slutten av 1400-talet. På denne tida sende utanlandske invasjonar sende regionen inn i kaos og uro (Dei italienske krigane). Likevel spreidde idene og ideala frå den italienske renessansen seg til resten av Europa og utløyste den nordlege renessansen, sentrert om Fontainebleau i Frankrike og Antwerpen i dagens Belgia, og den engelske renessansen.
Den italienske renessansen er best kjent for dei kulturelle manifestasjonane sine. Dei inkluderer litterære verk av forfattarar som Francesco Petrarca, Baldassare Castiglione, og Niccolò Machiavelli. Italia fekk òg store arkitektoniske meisterverk, som domkyrkja i Firenze og ikkje minst Peterskyrkja i Roma. Dagens historikarar ser tidsepoken som ein økonomisk tilbakegang, og liten framgang skjedde innan vitskapen, som gjorde store hopp framover i den protestantiske kulturen på 1600-talet.
Opphav
Det nordlege Italia ved slutten av mellomalderen mini|Sankt Markus’ hestar i bronse som står ved Markuskyrkja blei erobra i Konstantinopel i 1204 og frakta til Venezia som trofé og triumfsymbol, og kan sjåast på som eit monument over Venezia si sjømakt, ein av betingelsane for renessansen. Ved slutten av mellomalderen var det sentrale og sørlege Italia, som hadde vore hjartet av Romarriket, mykje fattigare enn det nordlege Italia. Roma var ein by som hovudsakleg låg i ruinar, og Kyrkjestaten var eit laust administrert område med lite lov og orden, ettersom paven hadde flytta til Avignon i Frankrike etter press frå kong Filip IV av Frankrike. Napoli, Sicilia og Sardinia hadde då ei tid vore under utanlandsk herredømme.
Det nordlege Italia var langt meir velståande, og bystatane der var blant dei rikaste i Europa. Krosstoga hadde gjeve varige handelssamband med Midtausten, og det fjerde krosstoget hadde gjort mykje for å øydeleggja Austromarriket som ein kommersiell rival til Venezia og Genova. Dei viktigaste handelsrutene frå aust gjekk gjennom Astromarriket eller arabiske land og til hamnene som var knytte til Genova, Pisa og Venezia. Luksusvarer som krydder, fargestoff og silke kom frå Midtausten og blei selde vidare til resten av Europa. Innlandet i Nord-Italia, som Podalen, hadde rike jordbruksareal. Frå Frankrike, Tyskland og Nederland blei det frakta varer som ull, kveite og verdifulle metall inn til området, på handelsruter som gjekk over land og langs elver. Den omfattande handelen strekte seg frå Egypt til Austersjøen og gav betydeleg overskot, som igjen tillét store investeringar i bergverksdrift og jordbruk. Nord-Italia var ikkje rikare i ressursar enn andre delar av Europa, men utviklinga, stimulert av handelen, gjorde at området kunne bløma. Firenze var ein av dei rikaste byane i Nord-Italia, hovudsakleg på ulltekstilindustrien under overoppsyn av det dominerande handelslauger Arte della Lana. Ull blei importert frå Nord-Europa (og på 1500-talet frå Spania)De Lamar Jensen, Renaissance Europe. Side 95 og fargestoff frå aust blei brukt i produksjonen av tekstil av høgaste kvalitet.
Dei italienske handelsrutene som dekte Middelhavet og bortanfor var òg betydelege kanalar for kultur og kunnskap. I mellomalderen kom verk som var prega av klassisk lærdom frå grekarane til Europa, via arabiske omsetjingar og avhandlingar, frå Toledo og Palermo. Krossfararar førte til ein del europisk kontakt med den klassiske lærdomen, som var ivareteken av arabarane, men viktigare enn dette var den spanske reconquistaen på 1400-talet og omsetjingar av arabiskspråkleg litteratur frå arabistar i Salamanca-skulen. Frå Egypt og Midtausten kom den vitskaplege, filosofiske og matematiske tenkinga til arabarane til det nordlege Italia. Frå Konstantinopel kom greske tekstar og forskarar til vesten etter at byen blei erobra av osmanske styrkar i 1453, og lærte italienarane å lesa dei i akademi i Firenze og Venezia. Humanistiske forskarar og lærarar søkte etter antikke manuskript i klosterbibliotek, og gjenoppdaga Tacitus og andre latinske forfattarar. Med gjenoppdaginga av Vitruvius blei dei arkitektoniske prinsippa frå antikken igjen studerte, og renessansekunstnarar blei oppmuntra av den humanistiske optimismen til å vera like framifrå og overgå meistrane til antikken.
Framgang på 1200-talet På 1200-talet opplevde Europa generelt ein økonomisk vekst. Handelsrutene til dei italienske statane, som var forbunde med dei etablerte middelhavshamnene og hansaforbundet i det nordlege Europa og Austersjøen, skapte ein nettverksøkonomi i Europa for første gong sidan 200-talet. Dei italienske bystatane ekspanderte kraftig i denne perioden og voks i makt til å blei de facto heilt uavhengige frå Det tysk-romerske riket. I løpet av denne perioden blei den moderne kommersielle infrastrukturen utvikla, med felles aksjeselskap, eit internasjonalt banksystem, ein systematisk utanlandsk valutamarknad, forsikring og regjeringsgjeld.Peter Burke: The Italian Renaissance: Culture and Society in Italy. Side 232 Firenze var senteret for denne økonomiske industrien, og gullflorin var den viktigaste valutaen for internasjonal handel.
Dette skapte ei ny styrande handelsklasse som vann posisjonar gjennom finansiell dugleik, tilpassa måla deira til den føydale, aristokratiske modellen som hadde dominert Europa i mellomalderen. Ei side ved mellomalderen i det nordlege Europa var framvoksteren av urbane samfunn som hadde rista av seg kontrollen til biskopar og lokal adel. I store delar av regionen var adelen betydeleg fattigare enn dei urbane patriarkane, i mellomalderøkonomien der den aukande inflasjonen etterlét jordbruksadelen utarma. Auken i handel i løpet av den tidlege renessansen forsterka desse motsetnadene. Tilbakegangen til føydalismen og framvoksteren av byane påverka kvarandre, eksempelvis førte etterspurnaden etter luksusgods til auke i handel, noko som førte til at eit stort tal handelsmenn blei rike, noko som igjen auka etterspurnaden etter fleire luksusvarer. Denne endringa gav òg handelsmennene bortimot fullstendig kontroll over styringa av dei italienske bystatane, noko som igjen fremja handel. Ein av dei viktigaste effektane av denne politiske kontrollen var tryggleik. Dei som var ekstremt rike i ein føydal stat gjekk i konstant fare for å koma i konflikt med monarken og få eigedomane og rikdommen sin konfiskert, noko som til dømes skjedde med Jacques Coeur (1395–1456) i Frankrike. Dei nordlege italienske statane heldt på mange av dei mellomalderske lovane som sterkt hemma handelen, slik som dei mot åger og forbodet mot å handla med ikkje-kristne. I dei italienske bystatane blei desse lovane oppheva eller omskrivne.
Kollaps på 1300-talet mini|Sankt Frans-legenda, gjenferdet til Fra Agostino og til biskop Guido av Arezzo, Basilique Assise, av Giotto di Bondone (1267–1337). På 1300-talet hende ei rekkje katastrofar som tok den europeiske økonomien inn i ein nedgangskonjunktur. Den varme perioden i mellomalderen ebba ut medan overgangen til den vesle istida byrja.Andrew B. Appleby «Epidemics and Famine in the Little Ice Age». Journal of Interdisciplinary History. Vol. 10 No. 4. Endringa i klimaet fekk jordbruksproduksjonen til å gå mykje ned, noko som førte til hyppige hungersnauder, forverra av ein tidlegare rask vekst i folketalet. Hundreårskrigen mellom England og Frankrike fekk handelen i det nordlege Europa til å avgrensast eller bryta saman. Dette var særleg merkbart i 1345, då kong Edvard III av England nekta å betala gjelda si og såleis bidrog til at dei to største florentinske bankane som tilhøyrde familiane Bardi og Peruzzi, gjekk overende. I aust gjekk det også føre seg krig som stengte handelsrutene, i og med at Det osmanske riket byrja å ekspandera. Mest øydeleggjande var likevel svartedauden, som tynna ut folkesetnaden i dei tett folkesette byane i nordlege Italia, og pesten kom attende i intervall. Til dømes hadde Firenze ein folkesetnad før pesten på rundt 45 000, men denne minska gjennom dei neste 47 åra med mellom 25 og 50 %.Olea, Ricardo A, Christakos, George, «Duration of Urban Mortality for the 14th-Century Black Death Epidemic» , Human Biology, Juni 2005. Befolkningsnivået i Firenze er kontroversielt, se også Ziegler (1969, sidene. 51-52), Chandler 1987, sidene 16-18, og Gottfried 1983, side 46. På gunn av dette følgde utbreidd uro, blant anna eit opprør blant tekstilarbeidarane i Firenze, ciompi, i 1378.
Det var i løpet av denne perioden av ustabilitet at dei første personlegdomane i renessansen levde, som Dante og Petrarca. Den første betydelege renessansekunsten viste seg i byrjinga av den første halvdelen av 1300-talet, mest merkbart i realismen til Giotto. Paradoksalt nok skulle nokre av dei ovannemnde katastrofane bidra til å etablera renessansen. Svartedauden fjerna ein tredjedel av folkesetnaden i Europa, og den nye, mindre folkesetnaden var rikare, betre næra, og hadde betydeleg meir økonomisk overskot til å bruka på luksusgode som kunst og arkitektur. Då pesten byrja å gå attende på byrjinga av 1400-talet starta den herja folkesetnaden i Europa å veksa igjen. Det nye behovet for produkt og tenester og den reduserte mengda menneske som kunne tilby dei, plasserte dei lågare klassene i ein betre posisjon. Dette bidrog òg til å danna ei veksande klasse av bankfolk, handelsmenn og dugelege kunstnarar og handverkarar. Redslane frå svartedauden og kyrkja si tilsynelatande udugelighet til å gje trøyst bidrog til ein nedgang i innverknaden til kyrkja, ei anna betydeleg drivkraft bak renessansen. I tillegg opna kollapsen av bankane Bardi og Peruzzi vegen for den eineståande veksten til Medici-familien i Firenze. Robert Sabatino Lopez har argumentert for at den økonomiske kollapsen i Europa var ein avgjerande bakgrunn for renessansen.Robert Sabatino Lopez. «Hard Times and Investment in Culture». Ifølge dette synet ville forretningsfolk i ein meir velstående tidsalder hurtig ha reinvestert inntektene sine for å tena meir pengar i eit klima som favoriserte investeringar. Likevel fann dei rike i dei meir magre årane på 1300-talet få lovande investeringshøve for inntektene sine, og valde i staden å bruka dei på kunst og kultur.