Ambient Monkeys, med undertittelen Dream Folder #1 At Crimson's Train Lodge «Myopia World», er det 59. albumet og det 25. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream.
Bakgrunn Like før Tangerine Dream gjekk på scenen under konsertar i Europa i 1997, kunne publikum høyre roleg musikk med lydar av natur, dyr og miljø over. I følgje plateheftet var det «etterspurnad frå publikum etter denne ambient-musikken før konsertane» som gjorde at det vart gjeve ut på plate som Ambient Monkeys på TDI. Dei første utgåvene av plata vart selde i samband med konsertane deira i Storbritannia i november 1997. Den første versjonen av plata kom med sporet «Largo (from Xerxes)».
I juni 1998 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag, utan «Largo (from Xerxes)», som ein del av plateboksen Dream Dice, og seinare òg som ei separat plate. I 1999 kom Ambient Monkeys nok ein gong ut med nytt plateomslag, og det same skjedde ein fjerde gong i 2009.
Innhald
Medverkande Jerome Froese - komponist og artist Edgar Froese - komponist og artist
Andre Gisela Kloetzer - spelte på originalutgåva av «Largo (From Xerxes)» frå albumet Tyranny of Beauty i 1995.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ambient Monkeys» frå , den 20. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Tangerine Dream-album