Wavelength er det tjuande albumet og tredje filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det inneheld musikken til filmen Wavelength med Robert Carradine, Cherie Currie og Keenan Wynn i rollene.
I motsetnad til mange andre filmmusikkalbum med musikk av Tangerine Dream, vart ikkje musikken frå filmen omarbeidd av Tangerine Dream for albumet. Dermed består albumet av mange uvanlege og korte klipp, somme av dei remiksar eller utdrag frå tidlegare komposisjonar.
Innhald
Mange av spora er remiksar frå andre album: «Desert Drive» og «Spaceship» er remiksa utdrag frå «Quichotte, Part One» frå Quichotte. «Healing» er ein noko remiksa utdrag frå «Tangram Set One» frå Tangram. «Church Theme» er ein remiks av «Silver Scale»; ein song som vart framført på konsertar i Europa i 1980 og 1981, men ikkje gjeven ut under dette namnet før Tangents i 1994. «Sunset Drive» er ein remiks av «Remote Viewing» frå Exit.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wavelength (1983 film)» frå , den 10. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1983 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:Varèse Sarabande-album