Flashpoint er det 23. albumet og sjette filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Albumet inneheld musikk frå filmen Flashpoint med Kris Kristofferson, Treat Williams, Rip Torn og Tess Harper i rollene.

Då regissøren William Tannen hyrte Tangerine Dream til å lage musikken for filemn, sa han at det ikkje var naudsynt å lage musikk til rulleteksten, fordi han alt hadde ein song han skulle bruke, «Sympathy for the Devil» av The Rolling Stones. Då filmstudioet kom fram til at det vart for dyrt å bruke Rolling Stones-songen, gav dei oppgåva til ein assistent som arbeidde for ein av visedirektørane i selskapet. Denne songen, «Flashpoint» av The Gems, vart kåra til den verste rulletekstsongen for 1984 av filmkritikaren Leonard Merlin.

Det kom ut ei CD-utgåve på selskapet Heavy Metal i 1984, men denne vart raskt trekt attende på grunn av ein produksjonsfeil som gjorde at CD-en ikkje var spelbar. Albumet kom ikkje ut på CD att før i 1995.

Innhald

Medverkande Edgar Froese– klaverinstrument, elektronisk utstyr, gitar Christopher Franke– synthesizer, elektronisk utstyr, elektronisk perkusjon Johannes Schmoelling– klaverinstrument, elektronisk utstyr The Gems på «Flashpoint»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Flashpoint (film)» frå , den 10. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1984 Kategori:Filmmusikkalbum av Tangerine Dream Kategori:EMI Records-album