Tubular Bells III er det 18. studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1998 av Warner Music UK. Det var ein oppfølgjar til Tubular Bells frå 1973 og Tubular Bells II frå 1992, og kom ut i høve 25-årsjubileet til det første Tubular Bells-albumet.
Oldfield skapte albumet då han budde på Ibiza, og har sagt at inspirasjonen for somme av dei elektroniske elementa kom frå musikkstilane han høyrde på barane og klubbane på øya.
I motsetnad til Tubular Bells II, har ikkje Tubular Bells III eit mønster frå dei to stykka frå originalen, men refererer i staden til noko musikk frå dette albumet. Til dømes refererer «The Source of Secrets» til «Introduction»-delen på originalalbumet, og «Far Above the Clouds» refererer til «Finale» av «Tubular Bells (Part One)».
Vokalistar Songane «The Source of Secrets», «Jewel in the Crown» og «Secrets» har Amar som vokalist. Oldfield kan høyrast på «Outcast». «The Inner Child» vart sungen av Luar Na Lubre-vokalisten Rosa Cedrón og «Man in the Rain» av den irske visesongaren Cara Dillon.
Mottaking
Tubular Bells III er det minst suksessrike av dei tre Tubular Bells-albuma, men nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista, medan dei to andre toppa lista. Albumet fekk blanda kritikk. Mange kommenterte likskapen mellom «Man in the Rain» og hitten «Moonlight Shadow».
Innhald Alle spor av Mike Oldfield.
Salslister Liste (1998) Plassering UK Albums Chart 4
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tubular Bells III» frå , den 4. juli 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Musikkalbum frå 1998 Kategori:Instrumentalalbum Kategori:Warner Music Group-album Kategori:Oppfølgjaralbum