Tubular Bells 2003 er eit studioalbum av Mike Oldfield, gjeve ut i 2003 på Warner Music. Det er ei fullstendig nyinnspeling av debutalbumet til Oldfield frå 1973, Tubular Bells, som kom ut 30 år tidlegare. Så langt er dette det siste av serien av Tubular Bells-album.

Bakgrunn Oldfield hadde alltid vore ukomfortabel med originalinnspelinga, fordi han berre hadde fått nokre få veker å spele inn alt saman, og teknologien på den tida var ikkje god nok til å gjere alt han tenkt. Dermed kunne han ikkje rette på feil, og somme instrument var ustemte. Av kontraktsårsaker hadde han ikkje lov å spele inn albumet på nytt før det var gått 25 år. Utgjevinga av Tubular Bells 2003 fann stad det året Oldfield feira 50-årsdagen sin og 30-årsjubileet for originalversjonen.

Albumet kom ut i fire versjonar: ein Cd i Europa, ein CD i Nord-Amerika og ei DVD-Audio-utgåve. Kopivern på CD-ane førte til mange klagar om folk som ikkje kunne spele av plata, og påstandar om at plata øydela CD- og DVD-spelarar.

Sidan det vart brukt digital teknologi, høyrest Tubular Bells 2003 meir synthprega og klårare ut enn originalen. Sidan den opphavlege seremonimeisteren frå originalen i 1973, Vivian Stanshall, no var død, fekk Oldfield skodespelaren John Cleese til å introdusere instrumenta i «Finale»-delen.

Ein CD audio/DVD Video-audio 5.1, kom ut i Spania og México.

Innhald

Bonus DVD

Medverkande Musikarar Mike Oldfield – akustisk og elektrisk gitar, elektrisk bass, trekkspel, Steinway flygel, Farfisa-, Lowrey- & Hammondorgel, synthesizer, klokkespel, pauke, cymbal, tamburin, triangel, røyrbjølle (tubular bells), programmering, produsent John Cleese – seremonimeister Sally Oldfield – korvokal

Teknisk Ben Darlow – lydteknikar Steve Bedford – nytt bilete av framsida Trevor Key – originalt framsidebilete Andy Earl – bilete på innsida av omslaget e-xentric thinking – design

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tubular Bells 2003» frå , den 5. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2003 Kategori:Mike Oldfield-album Kategori:Warner Music Group-album