Matt Molloy () er ein irsk musikar, hovudsakleg på fløyte.

I 1970-åra var Molloy medlem av The Bothy Band og etterfølgjaren Planxty. Han vart med i The Chieftains i 1979, der han erstatta Michael Tubridy. I løpet av karrieren har Molloy arbeidd med Irish Chamber Orchestra, Paul Brady, Tommy Peoples, Micheál Ó Súilleabháin og Dónal Lunny. Molloy eig ein pub på Bridge Street i Westport i County Mayo, der det ofte vert spelt levande irsk musikk.

Diskografi Soloalbum Matt Molloy with Donal Lunny (1976) Molloy, Brady, Peoples (1978) Contentment Is Wealth (1985) Heathery Breeze (1985) Stony Steps (1987) The Fire Aflame (1992) Music at Matt Molloy's (1993) Shadows on Stone (1996) The West Ocean String Quartet (med Matt Molloy):The Guiding Moon (2007) Pathway to the Well (2007) Matt Molloy, John Carty, Arty McGlynn Back to the Island (2019)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Matt Molloy» frå , den 4. juli 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Heimeside

Kategori:Irske fløytistar Kategori:Folk frå County Roscommon Kategori:The Chieftains-medlemmar Kategori:The Bothy Band-medlemmar Kategori:Planxty-medlemmar