Violeta Szekely, fødd Beclea, () er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Suceava fylke som vann sølvmedaljen på 1500 meter under OL 2000 og VM 2001.
Aktiv Szekely var den største favoritten til vinne 1500-meteren i Sommar-OL 2000 etter ein strålande sesong. Mellom anna vann ho GL-stemnet i Monaco på den sterke tida 3.58,2, hennar livs beste løp. I OL-finalen i Sydney vart ho stengd inne ved lista i siste sving og fekk ikkje fri løpebane før 80 meter frå målstreken, det viste seg å vere for seint til å innhente Nouria Merah-Benida.
Sesongen 2001 delte Szekely sigerspremien i GL-turneringa, då ho vann 1500 m i samtlege GL-stemne ho deltok i. I VM-finalen måtte ho likevel sjå seg klart slått av landslagskollega og hennar bitre rival, Gabriela Szabo. Szekely la opp etter 2002-sesongen.
Doping Beclea testa positivt på steroidar i februar 1995 og der etter stengd ute frå friidrett i fire år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1986 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 800 m (2.08,25=nr 16) EM 1990 i Split: Nr 16 på 1500 m – 4.16,4 VM 1991 i Tokyo: Nr 10 – 4.05,8 OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.05,4=nr 15) VM 1993 i Stuttgart: Nr 9 på 1500 m – 4.08,5 EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (4.20,4=nr 24) EM 1998 i Budapest: Nr 4 på 800 m – 2.00,56 VM 1999 i Sevilla: Nr 4 på 1500 m – 4.00,98 OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje på 1500 m – 4.05,15, bakom Nouria Mérah-Benida (4.05,10) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 1500 m – 4.01,7, bakom Gabriela Szabo (4.00,5)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Violeta Szekely» frå , den 19. juni 2020.
World Athletics
Kategori:Rumenske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Romania Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Dopingsaker i friidrett