Neoaves er ein klade som består av alle artane i klassen Aves med unnatak av Paleognathae, strutseliknande fuglar, og dei eldste i Neognathae, det vil seie kladen Galloanserae med andefuglar og hønsefuglar. Per 2019 er det 10 040 artar i Neoaves, det svarer til 95 % av alle kjente nolevande fugleartar. Den tidlege diversifiseringa av dei ulike neoaviske gruppene skjedde veldig raskt rundt krit-tertiær-utryddinga.

Fylogeni Følgjande framlegg til kladogram illustrerer sambanda mellom overordna neoaviske kladar ved å bruke resultatet av Prum, R.O. et al. (2015), med nokre taksonnamn etter Yuri, T. et al. (2013) og Kimball et al. (2013).

Aequornithes («vassfuglar») er her sju ordenar: tranefuglar, lommar, pingvinar, stormfuglar, storkar, sulefuglar og pelikan- og hegrefuglar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neoaves» frå , den 20. juni 2020.

Referansar

Kategori:Fuglar