Hag's Head eller Hags Head er ein odde som dannar det sørlegaste punktet av Moher-klippene i County Clare på Irland. Klippene dannar ein formasjon som liknar eit kvinnehovud som ser utover sjøen. Staden er eit godt utsiktspunkt for å sjå klippene, og dannar eine enden av turruta Cliffs of Moher Coastal Trail.

Namn Ei irsk soge fortel at ei gammal kone eller sjøheks, Mal of Malbay, blei forelska i den irske helten Cú Chulainn, og jaga han over heile Irland. Cú Chulainn flykta ved å hoppa over staurar som om dei var vadesteinar. Mal mista fotfestet, og blei slått mot klippa.

Skildring Ein tårnruin kjend som Moher Tower står på Hag's Head. Fram til tidleg på 1800-talet var det også eit festningsverk her kjend som Mothar eller Moher. Hag's Head omfattar også ein naturleg steinboge.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hag's Head» frå , den 10. juni 2020.

Kategori:Clare