Crime of the Century er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i september 1974 på A&M Records. Crime of the Century vart det kommersielle gjennombrotet til Supertramp i både USA og Storbritannia, godt hjelpt av den britiske hitten «Dreamer» og den amerikanske hitten «Bloody Well Right». Albumet nådde topp 10 på den britiske albumlista og topp 40 i USA, og selde til slutt til gullplate i USA i 1977 etter at Even in the Quietest Moments... var komen ut. Albumet var det første til Supertramp med trommeslagaren Bob Siebenberg (på den tida omtalt som Bob C. Benberg), John Helliwell på blåseinstrument, bassisten Dougie Thomson, og med-produsenten Ken Scott. Albumet fekk god omtale i musikkpressa, og vart mellom anna plassert på lista til Rolling Stone over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.
Albumet er dedisert til «Sam», som var kallenamnet til Stanley August Miesegaes, den nederlandske millionæren som støtta bandet økonomisk frå 1969 til 1972.
Bakgrunn og innspeling
Etter at dei to første albuma selte dårleg, og turneane deira ikkje gjekk særskild bra, vart Supertramp oppløyst. Rick Davies og Roger Hodgson henta så nye medlemmar, trommeslagaren Bob C. Benberg, blåseinstrumentalisten John Helliwell og bassisten Dougie Thomson. Plateselskapet deira, A&M, særskild A&R-mannen Dave Margereson (som vart manageren deira dei neste ti åra), sende denne nye besetninga til ein gard frå 1600-talet vest i Dorset for å øve i lag og førebu albumet.
Albumet vart spelt inn i fleire studio, mellom andre Ramport Studios (eigd av The Who) og Trident Studios, med med-produsenten Ken Scott. Medan dei spelte inn albumet, spelte Davies og Hodgson inn kring 42 demo-songar, der åtte vart valde ut til for albumet. Fleire andre spor dukka opp på seinare album (Crisis? What Crisis? og ...Famous Last Words...).
På grunn av eit kontraktsvilkår, vart alle songane oppført som skrivne av dei to låtskrivarane, men somme av songane skreiv dei likevel kvar for seg. Scott kommenterte at Davies og Hodgson «hadde særs, særs forskjellig personlegdom. Desse skilnadane gjorde at musikken høyrtest ut som han gjorde.» «Asylum», «Rudy» og «Bloody Well Right» vart skrivne av Davies, «Dreamer», «If Everyone Was Listening» og «Hide in Your Shell» vart skrivne av Hodgson, medan både «School» og «Crime of the Century» vart skrivne av Davies/Hodgson i lag.
Hodgson sa om «Hide in Your Shell»: «Eg var 23 då eg skreiv den songen, forvirra i livet, som mange folk er i den alderen, og eg prøvde å skjule utryggleiken min. Eg har alltid klart å uttrykkje dei innarste kjenslene mine open i ein song, og 'Hide in Your Shell' kom til meg på ei tid då eg kjende meg særs einsam - einsam både i livet og i bandet - utan noko å dele den andelege søken med.»
«Dreamer» vart komponert av Hodgson på Wurlitzer-pianoet hans heime hos mora då han var 19 år gammal. På den tida spelte han inn ein demo av songen med vokal, Wurlitzer, og pappøskjer som perkusjon. Hodgson sa: «Eg var nøgd - det var første gongen eg hadde spelt på ein Wurlitzer.» Supertramp spelte inn sin versjon av songen i same stil som den tidlegare demoversjonen. Hodgson sa òg på In the Studio with Redbeard at dei hadde vanskar med å gjenskape songen då dei spelte han inn for albumet.
Ei anna av Hodgson sine filosofiske songar, «If Everyone Was Listening», var inspirert av As You Like It-munnhellet «All the world’s a stage, and all the men are merely players». I følgje Entertainment Weekly, var meldinga i songen «Å ikkje vite kva som føregår i tankane til folk er ein annan måte å ikkje ha kontroll på. Frykta kjem ikkje av mangelen på kunnskap om tankeprosessen til ein annan person, men frå å konfrontere det faktum at me ikkje har kontroll over alt.» Songen vart seinare tittelsporet for eit album av Michael Ball frå 2014 med same namn.
Albumet var kalla opp etter siste songen på albumet, «Crime of the Century», som bandet meinte var den sterkaste på albumet. Kort tid før han slutta i Supertramp, sa Hodgson: «Fleire folk har kome til meg og sagt at den songen har rørt dei djupt enn nokon annan song. Songen kom til då me budde i lag på Southcombe Farm i Thorncombe, og berre åt, sov og pusta idear for albumet. Songen gjekk fram og attende mellom meg og Rick i mange veker før han endeleg tok form.» Av ukjende årsaker har Hodgson i fleire intervju både før og etter sagt at songen var skriven av Davies aleine.
Hodgson skildrar «School» som «i hovudsak min song» men sa at Davies skreiv både pianosoloen og ein god del av teksten. I eit intervju med Jeff Parets i Acoustic Storm i 2010, sa Hodgson at songen var basert på opplevinga hans på kostskule og om jenteskriket: «Alt, særskild skriket like før bandet kjem inn, representerer mykje... Eg meiner, skulen er ein flott plass. Det er sjølvsagt ein skuleplass, men skriket representerer mykje meir.»
I episoden på In the Studio with Redbeard om albumet sa Hodgson at «Rudy» var rollefiguren på albumet, og på eit vis ei slags sjølvbiografisk skildring av livet til Davies på den tida. Lyden av eit tog på «Rudy» vart spelt inn på London Paddington stasjon, medan publikumslydane var henta frå Leicester Square.
Hodgson og Davies sa begge at kommunikasjonen i gruppa var på sitt beste under innspelinga av dette albumet, medan trommeslagaren Siebenberg sa at det var på dette albumet bandet nådde sitt «kunstnariske høgdepunkt».
Crime of the Century omhandlar til ein viss grad tema som einsemd og mental sta mental stabilitet, men er ikkje eit konseptalbum. Davies knytte saman opningssporet «School» til «Bloody Well Right» med linja «So you think your schooling is phoney», og i følgje Hodgson var andre samlande trådar utover dette berre i fantasien til lyttaren.
Plateomslag Fotografiet for plateomslaget var det første omslaget Paul Wakefield laga. Den kunstnariske leiaren i A&M Records, Fabio Nicoli, inviterte Wakefield til studioet der bandet arbeidde og hadde lese tekstane til han. Då albumtittelen vart vald ut, tenktne Wakefield kva slags høvande setning som kunne kombinerast med 'the crime of the century'» og valde ut ei linje frå songen «Asylum»: «when they haunt me and taunt me in my cage.» Ein av ideane hans, eit fengselsvindauge som svevde i verdsrommet med ein person skrikande i det stille gjennom stolpane, vart godkjend av bandet og då Wakefield byrja å utvikle ideen, reduserte han fangen til berre hender som heldt rundt stolpane.
Mottaking
Crime of the Century var det første Supertramp-albumet som nådde topp 30 i USA og etter kvart selte til gullplate i USA, i 1977. Albumet var òg det kommersielle gjennombrotet i Storbritannia der Crime of the Century nådde fjerdeplassen på albumlista i mars 1975. Singelen «Dreamer» nådde 13. plassen på singellista same månaden. Albumet vart ein særskild suksess i Canada og låg inne på lista i over to år og selde over ein million eksemplar.
I 1978 vart Crime of the Century rangert på 108. plassen på The World Critic Lists, der kjende rockekritikarar og DJ-ar stemte over dei 200 beste albuma gjennom tidene.The World Critic Lists. 1978. Archived at rocklistmusic.co.uk Village Voice-kritikaren Robert Christgau var ambivalent mot albumet og den «streite kunstrocken», som han kalla «Queen utan pynt. Yes utan pianistikk og taktskifte.» Adam Thomas skildra i Sputnikmusic albumet som eit av dei betre frå 1970-åra på grunn av det mektige uttrykket for forvirring og framandgjering av unge vaksne, og for den stadige kontrasten mellom element av prog og pop.
I 1987-utgåva av The World Critic Lists, rangerte Geoff Edwards i CBC albumet som det tiande beste gjennom tidene. I ei avstemming frå 1998 der over 200 000 personar deltok, vart Crime of the Century med blant dei tusen beste albuma gjennom tidene,Virgin: All-time top 1000 albums. Archived at rocklistmusic.co.uk og i 2005 var det med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. I 2015 kåra Rolling Stone albumet til det 27. beste progrockalbumet gjennom tidene. Paul Elliott i Classic Rock kalla det eit progressiv rock-meisterverk.
Innhald Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson.
Medverkande Supertramp Rick Davies – solo- & korvokal, akustisk piano (spor 1-3, 4, 6, 8), Wurlitzer elektrisk piano (spor 1, 2, 5), Hammondorgel (spor 1, 3, 5, 6, 8), munnspel (spor 1, 3, 8), Moog synthesizer (spor 1, 3, 6), Elka Rhapsody 610 synthesizer (spor 3, 8) Roger Hodgson – solo- & korvokal, elektrisk gitar (spor 1, 2, 4, 6, 8), 12-strengs akustisk gitar (spor 1, 3), akustisk gitar (spor 2), akustisk piano (spor 7), Wurlitzer elektrisk piano (spor 5), Fender Rhodes elektrisk piano (spor 3) John Anthony Helliwell – saksofon (spor 1–4, 6, 8), klarinett (spor 6, 7), korvokal (spor 3, 5, 7), glasharpe og celesta (spor 5) Dougie Thomson – bassgitar Bob Siebenberg (oppført som Bob C. Benberg) – trommer, perkusjon
Andre medverkande (ingen av dei oppførte i omslaget) Christine Helliwell – korvokal på «Hide in Your Shell» Scott Gorham – korvokal på «Hide in Your Shell» Vicky Siebenberg – korvokal på «Hide in Your Shell» Anonym gatemusikar – sag på «Hide in Your Shell» Ken Scott – vassgong på «Crime of the Century»
Produksjon Ken Scott – produsent, lydteknikar Supertramp – produsent John Jansen – lydteknikar Ray Staff – original vinyl-mastering Richard Hewson – strykearrangement (spor 1, 3, 4, 6, 7, 8) Paul Wakefield – plateomslag og fotografi Fabio Nicoli – kunstnarisk leiar
Salslister
Vekeslister ListePlasseringAustralske Kent Music Report15Kanadiske RPM-lista4Den nederlandske albumlista25Den franske SNEP-lista19Den tyske Media Control-lista5Den newzealandske albumlista12UK Albums Chart4US Billboard 20038
Årslister Liste (1975)PlasseringDen australske albumlista42Den kanadiske albumlista64Liste (1976)PlasseringDen australske albumlista63Den kanadiske albumlista53Liste (1979)PlasseringDen franske albumlista95
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crime of the Century (album)» frå , den 12. juni 2020.
Kategori:Supertramp-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Ken Scott Kategori:Album produserte av Rick Davies Kategori:Album produserte av Roger Hodgson Kategori:Album spelte inn i Trident Studios