Edge of the Century er det tolvte studioalbumet til Styx, gjeve ut i 1990. Det var det første Styx-albumet med soloartisten Glen Burtnik, og det einaste albumet med besetninga Dennis DeYoung, James Young, Glen Burtnik, Chuck Panozzo og John Panozzo, og det siste med John Panozzo på trommer før han døydde i 1996.

Albumet inneheld tre singlar. «Show Me the Way» var skriven av DeYoung og nådde tredjeplassen på den amerikanske Hot 100 Pop Singles-lista og Adult Contemporary-lista. Somme radiostasjonar spelte ein versjon med klipp av ein kongressdebatt frå avgjersla om å starte Golfkrigen. «Love Is the Ritual», (80. plassen på poplista) skriven av Burtnik og Plinky Giglio, og «Love at First Sight», (25. plassen på poplista) skriven av Burtnik, DeYoung og Young, vart òg gjevne ut på singlar, men ingen av dei fekk like stor suksess som «Show Me the Way».

Albumet selte til gullplate i USA.

Innhald

Medverkande Dennis DeYoung - vokal, klaverinstrument, trekkspel James «JY» Young - elektrisk gitar, vokal Glen Burtnik - akustisk and elektrisk gitar, vokal Chuck Panozzo - bassgitar John Panozzo - trommer and perkusjon

Andre medverkande Howard Levy - munnspel Jon Negus - klarinett, saksofon Michael Smith - saksofon Ron Kolber - barytonsaksofon Mark Ohlson - trompet Dan Barber - trompet Mike Halpin - trombone Joe Pusateri - perkusjon

Produksjon Produsent: Dennis DeYoung Lydteknikar: Phil Bonanno Plateomslag og design: Hugh Syme Mastering: Ted Jensen i Sterling Sound, NYC

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1990The Billboard 20063

Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1990«Love Is the Ritual»Mainstream Rock Tracks9The Billboard Hot 10080«Show Me the Way»3Top Adult Contemporary31991«Love at First Sight»The Billboard Hot 10025Top Adult Contemporary13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Edge of the Century» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:A&M Records-album Kategori:Styx-album