Cyclorama er det fjortande studioalbumet til Styx, gjeve ut i 2003. Dette var det første studioalbumet deira med Lawrence Gowan, etter at eit av dei opphavlege medlemmane i bandet, Dennis DeYoung, slutta i 1999. Det var òg det siste av to album med Glen Burtnik (det første var Edge of the Century i 1990), og det einaste albumet gjeven ut av denne besetninga. Det var slik sett òg det einaste Styx-albumet med fire ulike låtskrivarar og songarar, i motsetnad til dei vanlege tre. Albumet nådde høgare på listene enn det førre albumet deira, Brave New World (1999), og enda opp på 127. plassen på Billboard-lista i USA.
Den første singelen frå albumet, «Waiting for Our Time», gjekk ikkje inn på singellista.
Innhald
Medverkande Styx Lawrence Gowan – vokal, klaverinstrument Tommy Shaw – vokal, akustisk and elektrisk gitar James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar Glen Burtnik – vokal, bass Chuck Panozzo – bass på «Bourgeois Pig», korvokal på «Kiss Your Ass Goodbye» Todd Sucherman – trommer
Andre medverkande Jude Cole Gary Loizzo frå American Breed Tenacious D (Jack Black og Kyle Gass) Billy Bob Thornton John Waite Brian Wilson
Produksjon Produsentar: Tommy Shaw, James «JY» Young, Gary Loizzo Medprodusentar: Lawrence Gowan, Todd Sucherman, Glen Burtnik Lydteknikarar: Gary Loizzo, Charlie Pakaari, Craig Williams, Mark Linnett, Plinky Giglio, Dave Yackoboskie, Jimmy Hoyson, Jim Mitchell, Bruce Monical
Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering2003The Billboard 200127
Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering2003«Waiting for Our Time»Mainstream Rock Tracks37
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cyclorama (album)» frå , den 7. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2003 Kategori:CMC International-album Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Styx-album