Leif Størmer () var ein prisbelønt norsk paleontolog og geolog, kjent for forskings si på trilobittar (arthropoda og merostomata).
Etter examen artium 1923 vart han med marinbiologen Johan Hjort til Grønland og samla hoppekreps. Det vart cand.mag. 1928, før han vart med Thorolf Vogt på geologtur til Svalbard. I 1930 vart han assisterande konservator, var i gang med doktorgrad og drog til USA 1930-32 på Rockefeller-stipend. Etter dr.philos. 1932 på avhandlinga Skandinaviske Trinucleidae, var han stipendiat til 1937, konservator frå 1940 og frå 1946 professor i historisk geologi. Han slutta i 1975.
Faren hans var matematikaren Carl Størmer (1874–1957). Han var sjølv far til matematikeren Erling Størmer (fødd 1937).
Verv og utmerkingar
Heimefronten, hovedkasserer Statens lønskommisjon av 1946 Løyve om naturfredning av 1954, utgreiingskomiteen Statens lønskommisjon 1960, medlem av hovudutvalet Den internasjonale paleontologiske union, styremedlem Den internasjonale geologiske unionen, styremedlem Den internasjonale stratigrafiske union, formann i fem år Dekan ved mat.nat. 1957-59 Oslo Folkeakademi, aktiv forelesar Aschehougs konversasjonsleksikon, medredaktør 4. utgåve Det Norske Videnskaps-Akademi, medlem frå 1940. riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1961 Deltagermedaljen Reuschmedaljen 1937 Den Bergenske Prisen 1945 Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1965
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leif Størmer» frå , den 3. juni 2020.
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske vitskapsfolk Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Norske paleontologar Kategori:Norske geologar