mini|Det bur sørsamar både i Noreg og Sverige. Karta viser til tradisjonelle busetjings- og reindriftsområde. Trollheimen er ikkje avmerka på dette kartet. Sørsamar (sørsamisk åarjelsaemieh) er ei gruppe samar som bur i Noreg og Sverige. Dei tradisjonelle bu- og reindriftsområda deira i Noreg strekkjer seg i dag omtrent frå Ranelva i Rana kommune i Nordland til Elgå austom innsjøen Femunden i Hedmark. I Sverige reknar ein det sørsamiske området til å vera Västerbottens län, Jämtlands län og delar av Härjedalen og Dalarna.
Sørsamar er skilde frå andre samiske grupper gjennom det sørsamiske språket og tradisjonar kring drakt, byggeskikk og andre kulturuttrykk.Ewa Ljungdahl. Samer i Åre. Utgitt av Gaaltije, 2013. ISBN 978-91-979433-7-6. I original lyder sitatet: «Det som skiljer sydsamerna från övriga samiska grupper är främst språket, men även dräkt, ornamentik, byggnadsskick och andra kulturuttryck.» Sørsamane utgjer ein liten del av den samiske folkegruppa og er blitt kalla ein «minoritet i minoriteten».Inger Johansen: Sørsamisk – ein minoritet i minoriteten ; nynorsk.noEllinor Jåma i Namdalsavisa, 15.9.2009 Helge Salvesen. «Sørsamene – en samisk minoritet.» I: Ottar; nr 116-117 (1979) 500–800 personar snakkar sørsamisk i dag, og om lag 150 personar er sysselsette i reindrift i dei sørsamiske områda i Noreg.Tall for årsverk er hentet fra Totalregnskap for reindriftsnæringen; regnskap 2011 og budsjett for 2012. Tallet for Nordland gjelder hele fylket; tabellene gir ikke grunnlag for en mer detaljert oppdeling. Basert på et gjennomsnitt per siidaandel kan det være snakk om 49 årsverk i reindrifta i den sørsamiske delen av Nordland. Totalt var det 1028 årsverk i reindrifta i 2011, og den sørsamiske andelen utgjør således 14-16 prosent av næringa. Det finst sørsamiske institusjonar som skule, museum og teater i Snåsa, Hattfjelldal, Røros, Røyrvik, Mo i Rana og Östersund.
Historia til sørsamane kan delast i tre store periodar: fangstsamfunn, intensiv reindriftsnomadisme og ekstensiv reindrift. Ein går ut frå at reindriftsnomadismen byrja seint i mellomalderen, kring 1200–1400. Avsluttinga av reindriftsnomadismen er vanlegvis knytt til at ein slutta å mjølka reinsdyra, noko som fann stad mellom 1902 og 1964 i Noreg.Sverre Fjellheim. «Det samiske kulturlandskapet». I: Fragment av samisk historie. Redigert av Sverre Fjellheim. Utgitt av Sør-Trøndelag og Hedmark Reinsamelag, 1995. ISBN 82-993684-0-5
Utbreiingsområdet Området i Noreg der sørsamane i dag utøver tradisjonell samisk reindrift, strekkjer seg frå Mo i Rana i Nordland sørover til Svahken sijte ved Elgå austom Femunden. Reinbeitedistrikta strekkjer seg frå svenskegrensa og ut til kysten gjennom Helgeland, Namdalen og Fosen. Gjennom Innherred i Trøndelag og Engerdal i Østerdalen ligg reinbeitedistrikta i dei låge fjellområda langs Kjølen. I tillegg er det eit reinbeitedistrikt i Trollheimen (Trollheimen sijte) med eigen lovheimel.Lov om reindrift i kommunene Meldal, Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Rindal, Sunndal og Surnadal («Trollheimenloven») hos lovdata.no Rundt og austom Mo i Rana ligg det tradisjonelle umesamiske området. mini|Kart over reinbeitedistrikta i det sørsamiske området i Noreg. Reinbeitedistrikt er ei offentleg administrativ inndeling. Den tradisjonelle samiske gruppeinndelinga i siida (sørsamisk sitje, fleirtal sijth) fell i dag saman med reinbeitedistriktene. På svensk bruker ein uttrykket sameby; merk at det svenske ordet «by» kan omsetjast til «bygd» eller «grend» på norsk. Samerettsutvalet meiner at «De tradisjonelle samiske områdene i Sør-Norge omfatter brorparten av Nord-Trøndelag fylke, Fosen-halvøya og de indre delene av Sør-Trøndelag fylke, og de nordøstre delene av Hedmark fylke. Fra langt tilbake har det vært samisk bosetning og vært utøvd reindrift og annen samisk bruk i brorparten av disse områdene.» Utvalet nemner òg tamreindrift i Trollheimen, og peikar på at det finst område i randsona til dei noverande reinbeiteområda som «tidlegare låg innanfor dei administrative avgrensa reinbeiteområda, men som har falle utanfor desse etter justeringer av områda #seg yttergrenser».Kapittel 15: «Statseide tradisjonelle samiske områder i Sør-Norge»; NOU 2007:13 Den nye sameretten Vidare peikar utvalet på Konsultasjonsavtala mellom Sametinget og Kommunaldepartementet frå 2005, som gjev ei ytste avgrensing av området der det kan finnast «samiske interesser [innenfor] alle ideelle og materielle former for samisk kultur». Dette kan gjelda kunst, kultur, utdanning og arealplanar.Konsultasjonsavtalen hos sametinget.no
«Det arealet som i henhold til [Konsultasjonsavtalen] utgjør de tradisjonelle samiske områdene i Sør-Norge omfatter (hele) Nord-Trøndelag fylke; 16 kommuner i Sør-Trøndelag fylke (fem på Fosen-halvøya: Osen, Roan, Åfjord, Bjugn og Rissa; fire i de «indre» områdene mot svenskegrensen: Selbu, Tydal, Holtålen og Røros; og fire i Trollheimen: Meldal, Rennebu, Oppdal og Midtre Gauldal); seks kommuner i den nordøstre delen av Hedmark (Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal), og to kommuner i Møre og Romsdal (Surnadal og Rindal). I tillegg kommer Sunndal kommune, som også er omfattet av trollheimenloven.»
Dei fleste av nasjonalparkane i det sørsamiske området er ein del av kulturlandskapet til reindriftssamane: Gutulia, Femundsmarka, Skarvan og Roltdalen, Blåfjella-Skjækerfjella, Lierne, Børgefjell og Lomsdal-Vista nasjonalpark. I desse nasjonalparkane er tilgjenge til tradisjonell reindrift ein del av verneordninga.
I tillegg til dagens utbreiing har det i dei siste hundreåra òg vore samisk busetjing og reindrift på GauldalsviddaAnders Løøv. «En samisk sitje går under på Gauldalsvidda år 1811» I: Festskrift til Ørnulv Vorren. Utgitt av Tromsø museum, 1994. ISBN 8271420178 (ebok fra bokhylla.no) og i områda vest for Femunden.Anders Løøv. «Samer, bønder, bergverk - og en skoginspektør : samer vest for Femund før 1815». I: Årbok for Norsk skogbruksmuseum; nr 12 (1989).Anders Løøv. «Samer vest for Femunden omkring år 1800 : Nils og Johan Anderssønner». I: Åarjel-saemieh; nr 4 (1991) Samerettsutvalet har elles samla eit oversyn over høgsterettsdommar og andre norske rettsavgjerder i samiske saker. Dette oversynet viser at det har vore grunnlag for tvil om beiterettar i store delar av Sør-Noreg.Kilder (se seksjonen «norske rettsavgjørelser»; NOU 2007:13 Den nye sameretten I folketeljinga for 1910 er det elles registrert sørsamisk busetjing i Setesdal, Lesja og områda rundt Trollheimen.Bjørn Arnfinn Devik. «Litt om sørsamene og sørsamisk historie». I: Ottar; nr 116-117 (1979) I områda nord for Trollheimen, frå Hemnefjella i aust og til Halsa og Åsskard i vest, blei den tradisjonelle reindrifta avvikla rundt 1980.Lappekommisjonen av 1889, erklæringer nr. 15 og 56."I april 1984 flytta familien Kant over frå dei nordre fjellområda i Rindal og Hemne inn til Trollheimen." (Nils Røv: Trollheimsreinen (Bygdeforlaget, cop. 2002), s. 96.)
I Sverige reknar ein det sørsamiske området for å vera Västerbotten, Jämtland og delar av Härjedalen og Dalarna.Sydsamiska, hos samer.se; Samiskt Informationscentrum Eller med andre ord frå Umeälven i nord til Dalarna i sør, med Idre sameby i Idre som den sørlegaste.Sørsamisk område hos Nord-Trøndelag fylkesbibliotekidresameby.se Grensene mellom dei svenske samebyene (siida) er i større grad enn i Sør-Noreg basert på trekkruter langs vassdrag i nordvestleg–søraustleg retning.
Tradisjonelt har fleire av dei samiske reinbeiteområda, også i det sørsamiske området, vore uavhengige av riksgrensene. Ved grensedraginga mellom Noreg og Sverige i 1751 blei vilkåra for reindrift avklart i Lappekodisillen, som var eit tillegg til grensetraktaten mellom dei to landa. Lappekodisillen gav grunnlag for at reindrifta enno kunne ha sesongmessige flyttingar. Han har sidan blitt fornya gjennom ulike reinbeitekonvensjonar, den siste frå 2010. Reinbeitekonvensjonen gjev heimel for grensekryssing med reinflokkar.Reinbeitekonvensjonen mellom Norge og Sverige hos reindrift.no, Reindriftsforvaltningen. Se også dette kartet (pdf) over reinbeitedistrikt/sambeyer og konvensjonsområder i det sørsamiske området.
Språk
mini|Åarjel-saemiej skuvle og maanagierte (barnehage) i Snåsa. mini|Frå eit klasserom i Åarjel-saemiej skuvle. mini|Sørsamisk vegskilt i Ankarede i Jämtland. Det sørsamiske språket (åarjelh-saemien giele) er eit samisk språk i den finsk-ugriske og den vidare uralske språkfamilien. I Rana kommune i nord dannar språket eit dialektkontinuum med umesamisk. Enkelte språkforskarar vurderer difor òg umesamisk som ein sørsamisk dialekt.Eit eksempel er Mikael Svonni, ein svensk professor i samiske språk og samisk kultur ved Umeå universitet. I 2008 uttalte han at det var tre dialektar av sørsamisk: «umesamiska, vilhelminasamiska och en sydlig grupp som ofta kallas rörossamiska.». Sydsamiskans comeback; i spraktidningen.se, april 2008. Intervju med Mikael Svonni, professor i samisk språk og kultur. Vanlegvis reknar ein likevel umesamisk som eit eige språk.
Sørsamisk er delt inn i to dialektar. På svensk kallar ein dei høvesvis Jämtland- og Åsele-dialekten, der Jämtland-dialekten blir brukt i sør, medan Åsele-dialekten blir brukt i nord. På svensk side blir den sistnemnde òg kalla for vilhelminasamiska. På norsk side har dei to dialektane fått nemningane rørossamisk og vefsnsamisk (for Vefsn og Namdalen).Knut Bergsland. «Språklige bidrag til sydsamenes historie». I: hans Bidrag til sydsamenes historie. Utgitt av Senter for samiske studier, Universitetet i Tromsø, 1996. (Čálaráidu ; Senter for samiske studiers skriftserie; 1) Knut Bergland meiner at denne dialektinndelinga har visse veikskapar. Ho tek utgangspunkt i språksituasjonen i 1880- og 1890-åra, «den gang da sydsamisk ble brakt til den lærde verdens kunnskap». Seinare mobilitet mellom områda har nyansert denne tradisjonelle dialektinndelinga.
Sørsamisk er rekna som sterkt utrydningstruga av UNESCO. I dei siste åra har språket opplevd ei revitalisering. Ethnologue sine rapportar frå 2013 (17. utgåve) til 2020 (23. utgåve), refererer til ei kjelde frå 1992 som anslår at det finst 600 sørsamisktalande i alt, likt fordelt mellom Noreg og Sverige.Ethnologues rapport for sørsamisk I ein rapport frå 2005 opererte Nordisk samisk institutt med 500 personar, likt fordelt mellom Noreg og Sverige. Samiskt informationscentrum anslo i 2012 at det finst 700 sørsamisktalande uspesifisert fordelt mellom landa.Antallet samer i Sápmi, hos samer.se Eit fjerde anslag er at det finst 500 sørsamisktalande berre i Sverige.
Tre kommunar i Trøndelag er del av samisk språkforvaltingsområde, der norsk og samisk er likestilte språk: Sørsamisk har vore offisielt språk i Snåsa kommune sidan 1. januar 2008, i Røyrvik sidan 1. januar 2013, og i Røros sidan 1. juli 2018.Om Gïelem nastedh, Gïelem nastedhAnne Gunn Mikkelsen: Gïeleaernie , Røyrvik kommune, 2. desember 2016Røros innlemmes i forvaltningsområdet for samisk språk 1. juli, Røros kommune, 16. mai 2018 Den 1. juli 2017 blei også Hattfjelldal i Nordland ein del av det samiske språkforvaltingsområdet.Hattfjelldal kommune vil bli samisk hos nrk.no/sapmi; 09.01.2013Blir samisk forvaltningskommune hos nrk.no/sapmi; 25.11.2013Nå kommer det samiske navn på alt av veiskilt i Hattfjelldal, Rana Blad, 2. juli 2017 Det svenske Förvaltningsområdet för samiska språket omfattar 19 kommunar (per 2013), av dei er halvparten i det sørsamiske området.Områden för samiska hos minoritet.se
Det blir undervist i språket på fleire skular i det sørsamiske området. I Noreg blei Gaske-Nøørjen Saemienskovle skipa i Hattfjelldal i 1951. Skulen blei foreslegen nedlagt i forslaget til Statsbudsjettet 2016, men i det reviderte statsbudsjettet av 31. mai 2016 blei drifta oppretthalden. Åarjel-saemiej skuvle i Snåsa blei oppretta i 1968.– En kraftig korreks til kunnskapsministeren , nsr.no, 17. juni 2016Gaske Nøørjen Saemienskovle fortsetter driften! , Gaske Nøørjen Saemienskovle, 31. mai 2016