Oswald Heer () var ein sveitsisk botanikar, entomolog og paleontolog.
Som entomolog studerte Heer spesielt funn frå dei artsrike funnstadane Oeningen i Sveits og Radoboj i Kroatia, begge frå miocen, og frå Aix-en-Provence i Frankrike (oligocen). Han publiserte Die Insektenfauna der Tertiärgebilde von Oeningen und Radoboj in Kroatien (1847-53) og Über die fossilen Insekten von Aix in der Provence (1856). Ueber einige Insektenreste aus der raetischen Formation Schonens (1879) omhandla Skåne i Sverige. Die Urwelt der Schweiz (1864) er ein vid og nokså omfattande gjennomgang av det som til då var kjent om den geologiske historia i landet og fossilfunn. Store delar av dei paleontologiske samlingane til Heer vert i dag teke vare på i den geologiske samlinga ved Eidgenosse Technische Hochschule i Zürich.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oswald Heer» frå , den 3. juni 2020.
Kategori:Sveitsiske botanikarar Kategori:Sveitsiske geologar Kategori:Etnomologar Kategori:Wollastonmedaljen Kategori:Royal Medal Kategori:Medlemmar av Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Leopoldina Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Det ungarske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet