Steve Augeri () er ein amerikanske rockesongar, mest kjend som frontmann i Journey frå 1998 til 2006. Han har òg vore medlem av Tall Stories og Tyketto. I 2014 skipa han gruppa Ünderwörld.
Då Steve Perry slutta som mangeårig vokalist og frontmann i Journey, vart Augeri henta som erstattaren hans. Augeri spelte inn tre album med bandet i løpet av ein åtte år lang periode. Han turnerte nesten konstant med bandet på denne tida. Den første innspelinga hans med bandet var songen «Remember Me» for filmen Armageddon, etterfølgd av albumet Arrival i 2001. Han pådrog seg etter kvart problem med røysta og måtte slutte i bandet.
I mars 2014 skipa Augeri supergruppa Ünderwörld, i lag med gitaristen Kee Marcello (Easy Action, Europe), bassisten Svante Henryson (Yngwie Malmsteen, Brazen Abbot) og trommeslagaren Virgil Donati (Southern Sons, Ring of Fire, Planet X, Soul SirkUS), men dei har ikkje gjeve ut nokre offisielle utgjevinga.
Diskografi
Med Steve Augeri Band Songutgjevingar: Riverside (2010) Photograph (2011) Hours in the Day (2012) Rich Mans World (2012) Home This Christmas Time (2012) Behind the Sun (feat. Tom DeRossi) (2013) For the Rest of My Life (2013) Home Again (2014) Tin Soldier (2014) Faces (2014) In The Moment (2015) Riverside (Mississippi Mix) (2015) World Of Our Own (2017)
Med Tall Stories Tall Stories (1991) Skyscraper (2009)
Med Tyketto Shine (1995) Take Out and Served Up Live (1996)
Med Journey Songen «Remember Me» i filmen Armageddon, 1998 Arrival (2000) Red 13 (EP - 2002) Generations (2005)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steve Augeri» frå , den 2. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Folk frå Brooklyn Kategori:Journey-medlemmar Kategori:Musikarar frå Brooklyn