Andrej Skvaruk () er ein ukrainsk tidlegare sleggjekastar som høyrde til mellom dei beste sleggjekastarane i verda eit tiårs tid fram til 2003. Han vann sølvmedaljen under VM i friidrett 1997 i Aten. Skvaruks personbeste på 82,62 meter er frå 2002-sesongen.
Aktiv Skvaruk kasta sleggja over 80 meter fyrste gongen i 1992, då han fekk målt 80,22 m. Året etter forbetra han sitt personbeste til 80,80 m og i 1994 ytterlegare til 81,72 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta vart han fjerdemann. Eitt år seinare vann han sølvmedaljen ved Friidretts-VM 1997 i Aten, tyske Heinz Weis kasta 32 cm lengre enn Skvaruk.
Sidan enda Skvaruk på femteplassen i VM 1999 i Sevilla, såvel som i VM 2001 i Edmonton og i EM 2002 i München. I 2001-sesongen sletta han med eit kast på 82,34 m sitt sju år gamle personbeste. Den 27. april 2002 i Kiev forbetra Skvaruk den personlege rekorden til 82,62 meter. Ved verdsmeisterskapen i Saint-Denis i 2003 vart Skvaruk nummer fire i sleggjeøvinga.
Han la opp i 2006.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 12 (75,54 m i kvalifiseringa) EM 1994 i Helsinki: Nr 11 – 74,22 m OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 79,92 m VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 81,46 m, bakom Heinz Weis (81,78 m) EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (75,56 m =nr 14) VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 78,80 m OL 2000 i Sydney: Nr 10 – 75,50 m VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 79,93 m EM 2002 i München: Nr 5 – 80,15 m VM 2003 i Paris: Nr 4 – 79,68 m VM 2005 i Helsinki: Nr 9 – 76,01 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andrij Skwaruk» frå , den 8. mai 2020. Denne artikkelen bygger på «Andriy Skvaruk» frå , den 8. mai 2020.
World Athletics
Kategori:Ukrainske sleggekastarar