mini|Utsnitt av eit Anschütz gyrokompass alt=|mini|Eit displaygyrokompass. Store norske leksikon. Vitja 8. mai 2020 (engelsk, repeater) Eit gyrokompass er eit ikkje-magnetisk kompass basert på ei raskt roterande plate og rotasjonen til jorda (eller ein annan himmellekam om han vert nytta ein annan stad i verdsrommet) for å finne geografisk retning automatisk. Bruk av gyrokompass er ein av sju grunleggjande måtar å avgjere retninga til eit fartøy. Sjølv om ein viktig komponent i eit gyrokompass er eit gyroskop, er ikkje dette det same. Eit gyrokompass er bygd på effekten av gyroskopisk presesjon, som er ei særeiga side ved den generelle gyroskopiske effekten. Gyrokompass vert mykje nytta for navigasjon på skip, fordi dei har to viktige fordelar over magnetiske kompass:
dei finn sann nord definert av aksen til jordrotasjonen, som er noko annan, og navigasjonsmessig meir nyttig, enn magnetisk nord, og dei vert ikkje påverka av ferromagnetiske material, slik som stålskroget til eit skip, som forstyrrar magnetfeltet.
Luftfartøy brukar ofte gyroskopiske instrument (men ikkje eit gyrokompass)gyrocompass. britannica.com. Vitja 8. mai 2020. « It is not suitable as an aircraft compass because the speed of several hundred knots associated with such vehicles seriously affects the north-seeking properties of the instrument.» for navigasjon og høgdemonitorering.
Historie Eit patent frå 1885 var ikkje praktisk. I 1906 vart eit gyrokompass funne opp i Tyskland, av Hermann Anschütz-Kaempfe, og dette vart mykje brukt i den tyske marinen.
I 1913 vart det utvikla eit gyrokompass for bruk på fartøy i sivil sjøfart. Utviklaren var det tyske firmaet C. Plath.The Invention of Precision Navigational Instruments for Air and Sea Navigation , Weems & Plath.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gyrokompass» frå , den 8. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
Ring Laser Gyrocompass produsert av Sonardyne
Kategori:Tyske oppfinningar Kategori:Flyinstrument Kategori:Navigasjonsinstrument Kategori:Introduksjonar i 1908