Tom Hagen () er ein norsk bygningsingeniør, eiendomsbesitter, forretningsmann og milliardær.

Hagen grunnla selskapet Elkraft AS i 1992, og han har i tillegg drive utstrekt eigedomshandel. Magasinet Kapital anslo i 2018 at formuen hans var på 1,7 milliardar norske kroner.

Forsvinninga av Anne-Elisabeth Hagen 31. oktober 2018 forsvann kona til Tom Hagen, Anne-Elisabeth Falkevik Hagen, og etter at det vart sett fram krav om løysepengar på ni millionar euro gjekk norsk politi ut frå at ho vart kidnappa av personar med økonomisk vinning som motivasjon. Betalinga vart kravd i kryptovalutaen Monero. Politiet heldt fyrst etterforskinga hemmeleg, men offentlegjorde ho i januar 2019.

28. april 2020 blei Tom Hagen pågripen og sikta for drap, eller medverknad til drap, på Anne-Elisabeth Falkevik Hagen. Han vart varetektsfengsla for fire veker, etter kjenning i Nedre Romerike tingrett. Kjenninga blei anka til Eidsivating lagmannsrett, som med to mot tre stemmer avsa kjenninga om at Hagen skulle lauslatast frå varetekt. Politiet anka kjenninga til Høgsterett. Anken blei send til lagmannsretten, som gav han oppsetjande verknad, slik at Hagen blei sitjande i varetekt til Høgsterett fekk behandla saka. 8. mai forkasta Høgsteretten anken frå politiet, og Hagen blei lauslaten frå varetekt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tom Hagen» frå , den 7. mai 2020.

Kategori:Norske gründerar