Wilhelmus Antonius van de Kerkhof, nemnd Willy van de Kerkhof, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, kjend for sine mange år som midtbanespelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren René van de Kerkhof var landslagsspelar.

Klubbspel Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Resten av si tid som aktiv tente han PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Deretter venta ti sesongar utan pokalfangst, heilt til han la opp i 1988.

Landslagsspel Kerkhof fekk sin landslagsdebut 5. juni 1974 og fekk plass i VM-troppa 1974, utan å få speletid i meisterskapen. Under Fotball-VM 1978 i Argentina spelte han alle kampane då Nederland tok seg til VM-finale, ein kamp som etter ekstraomgangar enda med siger 3-1 for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 63 landskampar, den siste i oktober 1985. Han skåra fem mål for Nederland.

Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1978 med PSV Eindhoven Nederlandsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med PSV Eindhoven Nederlandsk cupmeister: 1974 og 1976 med PSV Eindhoven VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Willy van de Kerkhof» frå , den 25. april 2020.

eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Twente-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980