mini|Bilete av løpebanen og fotballgrassletta Lambertseter stadion er eit idrettsanlegg på Lambertseter i Oslo. Sjølve stadionet er kjøpt og eigt av Bydel Nordstrand.

Lambertseter stadion vart brukt som hovudfotballbane og friidrettbane for Oslo medan Bislett stadion vart renovert i 2004. Det er tidlegare brukt av Mercantile Ski- og Fotballklubb og Fotballklubben Manglerud Star Oslo til heimekampane deira. I dag vert det brukt som heimefotballbane for Lambertseter Idrettsforeining og andre lag, ved at dei søkjer til Oslo kommune. Lambertseter stadion er tredjevalet til treningsstadion for Noregs herrelandslag i fotball (etter Ullevaal Stadion og Bislett stadion). Dei trena der seinast i 2007.

Fasilitetar Rundt fotballbanen er det ein gymmertløpebane. Stadionet har ingen klubbhus, men garderobane til Lambertseter Idrettsforeining kan brukast. Stadionet har berre ståplassar på den eine langsida av banen. Det har også eit kommentatorhus, høgtalarar og lyskastarar.

Tidlegare idrettsarrangement

Skøyter Banen vart brukt av Lambertseter Skøyteklubb frå 1968 til 1986 og har følgjande banerekordar med skøyteløp: DistanseTidNamnDato500 m38,3Frode Rønning20. feb 19831000 m1.17,9Frode Rønning20. feb 19831500 m2.03,1Kai Åre Engelstad20. feb 19833000 m4.23,61Alf Rekstad24. feb 19795000 m7.31,6Frode Syvertsen11. feb 1984sprint-komb.155,000Frode Rønning19.-20. feb 198338,5-1.18,5-38,3-1.17,9liten komb.173,010Sondre Kvaalen19.-20. feb 198340,4-4.27,3-2.04,5-7.45,6500 m45,2Lisbeth Korsmo19. feb 19771000 m1.34,2Grethe Viksås6. jan 19791500 m2.30,0Bjørg Eva Jensen7. feb 19763000 m5.15,5Bjørg Eva Jensen8. feb 1976sprint-komb.190,600Ann-Mari Tollefsen6.-7. jan 197946,5-1.34,5-48,2-1.37,3mini-komb.198,583Bjørg Eva Jensen7.-8. feb 197647,5-2.30,0-1.37,0-5.15,5

Friidrett Lambertseter stadion har òg vorte brukt til større arrangement i friidrett. Clean Air Game sitt arrangement i 2018 gav to - eller eigenleg fem - norske rekordar. Lene Retzius betra norgesrekorden i stavsprang heile tre gongar og enda på 4,50 meter, medan Eivind Henriksen betra rekorden i sleggekast to gongar og enda med ei notering på 76,66 meter.Nye norske rekorder på lambertseter stadion

Bilete

Referansar

Kategori:Fotballstadion i Oslo Kategori:Skeisearenaer i Noreg Kategori:Idrettsanlegg i Oslo Kategori:Lambertseter Kategori:Manglerud Star Toppfotball