Juan de Dios Ramírez Perales () er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte i forsvaret. Ramírez spelte gjennom karrieren eine og åleine for klubbar i den heimelege serien. Han var mellom anna tilknytt UNAM Pumas, Chivas Guadalajara og CF Monterrey. Han spelte dessutan 49 kampar for det meksikanske landslaget. Han representerte sitt land under VM i USA i 1994. Han var òg med om å vinne gull med Mexico under CONCACAF Gold Cup i 1993.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Juan de Dios Ramírez Perales» frå , den 21. april 2020. National-Football-Teams
Kategori:Meksikanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994