Gheorghe Popescu () er ein rumensk pensjonert fotballspelar som spelte i forsvaret til ei rekkje europeiske klubber, og for Romania sitt landslag. Av klubbane hans kan nemnast Steaua București og Dinamo București i heimlandet, spanske FC Barcelona, engelske Tottenham Hotspur og tyrkiske Galatasaray.
Landslagsspel Popescu nådde i åra frå 1988 til 2003 heile 116 kampar for Romania sitt herrelandslag, og skåra 16 mål. Han deltok mellom anna i VM 1990, VM 1994 og VM 1998 samt under EM 1996 og EM 2000.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Gheorghe Popescu» frå , den 23. april 2020. National-football-teams
Kategori:Rumenske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Galatasaray-spelarar Kategori:Lecce-spelarar Kategori:Hannover-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000