Lizz Wright () er ein amerikansk songar av jazz og gospel.

Wright vart fødd i Hahira i Georgia i USA. Ho voks opp som prestedotter, og kom tidleg i kontakt med gospelmusikk. Då ho var 14 år hadde ho lært seg å spela piano, og byrja å spela i kyrkja til faren. I 1996 vann ho National Choral Award for innsatsen sin i kormusikk på Houston County High School.

Ho studerte song ved Georgia State University i Atlanta, og byrja hovudsakleg å synga jazz. Seinare har ho studer ved The New School i New York"Lizz Wright" , JazzTimes. og i Vancouver i Canada.

Wright blei med i vokalkvartetten In the Spirit frå Atlanta i 2000. I 2002 skreiv ho kontrakt med Verve Records. Det første albumet hennar Salt kom ut i 2003."Salt", Billboard, May 24, 2003. Det inneheldt coverlåtar og fem sjølvskrivne songar. Stilen og karrieren hennar har leia til samanlikningar med Norah Jones.

I 2006 vitja Wright Nasjonal jazzscene på Cosmopolite, Bergen jazzforum, Vossajazz og Kongsberg Jazzfestival.

Diskografi Salt (2003) Dreaming Wide Awake (Verve Forecast, 2005) The Orchard (Verve Forecast, 2008) Fellowship (Verve Forecast, 2010) Freedom & Surrender (Concord, 2015) Grace (Concord 2017)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lizz Wright» frå og «Lizz Wright» frå , den 20. april 2020.

Kategori:USA-amerikanske jazzsongarar Kategori:Afroamerikanarar Kategori:Musikarar frå Georgia