Roberto Fabián Ayala () er ein argentinsk tidlegare fotballspelar, særleg kjend som midtstoppar for den spanske klubben Valencia CF.
Ayala spelte i 1994-95 for River Plate i heimlandet. Deretter vart han overført til Napoli, i 1998 gjekk ferda vidare til Milan, der han vart verande i to sesongar. Frå 2000 til 2007 hadde han kontrakt med Valencia FC til finalen i meisterligaen i 2001, der det spanske laget tapte for Bayern München på straffesparktevling. Året etter gjekk Valencia til topps i La Liga, ein prestasjon laget gjentok i 2003. Same våren 2004 sigra Valencia og Ayala også i UEFA-cupen. Ayala gjorde teneste 2007-10 i Real Zaragoza, før han avslutta med ein sesong i Racing Club i Aregentina.
Ayala spelte på Argentina sitt landslag under sommar-OL 1996 i Atlanta i 1996, der laget fekk sølv. Han spelte òg VM 1998, heile VM 2002 måtte han slite reservebenken. Ayala spelte under VM 2006 i Tyskland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roberto Ayala» frå , den 20. april 2020. National-football-teams
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Valencia-spelarar Kategori:Villarreal-spelarar Kategori:Real Zaragoza-spelarar Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Argentinske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006