Falkland Islands Dependencies var ei administrativ ordning for britiske territorium i Antarktis og subantarktiske øyer frå 1843 til 1985. Områda blei administrerte frå Falklandsøyane og hovudstaden her, Port Stanley.
Territorium Britiske territorium som høyrde til Falkland Island Dependencies i tida frå 1917 til 1962 var:
Sør-Georgia Sør-Sandwichøyane Sør-Orknøyane Sør-Shetlandsøyane Graham Land Den antarktiske halvøya
I 1962 blei Britisk Antarktis skipa som eige terrirotirum, og berre Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane var att som Falkland Islands Dependencies frå 1962 til 1985.
Historie
I november 1976 gjekk argentinske styrkar i land på dei folketomme øyane Southern Thule og okkuperte dei. Dette var dei tre sørlegaste øyane i Sør-Sandwichøyane. Etter den argentinske invassjnen av Falklandsøyane i 1982, som starta Falklandskrigen, tok argentinske marinestyrkar kontroll over austkysten av Sør-Georgia etter å ha overmanna ei lita gruppe frå britiske Royal Marines i Grytviken 3. april 1982.
22. april 1982 kom britiske styrkar til havområdet ved Falklandsøyane. Tre dagar seianre tok britiske styrkar Sør-Georgia atten. 14. juni overgav argentinske styrkar på Falklandsøyane seg formelt, og 20. juni tok britiske styrkar attende Sør-Sandwichøyane, medrekna Southern Thule-garnisonen og Corbeta Uruguay-basen.
I 1985 blei området gjort om til eit britisk oversjøisk territorium med namnet South Georgia and the South Sandwich Islands.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Falkland Islands Dependencies» frå , den 18. april 2020.
Kategori:Land og territorium med særleg assosiasjon til Den europeiske unionen Kategori:Historia til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Kategori:Tidlegare land under den kalde krigen Kategori:Tidlegare koloniar i Sør-Amerika Kategori:Tidlegare britiske koloniar og protektorat i Amerika