Vladimir Jakovlevisj Lutsjenko () er ein tidlegare sovjet-russisk ishockeyspelar frå Ramenskoje som i perioden 1969-79 var med å vinne åtte VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.
Lutsjenko var forsvarsspelar på CSKA Moskva frå 1967 til 1981. Med CSKA vann han den sovjetiske ishockeyserien heile elleve gongar. Frå Ishockey-VM 1969 i Stockholm til Ishockey-VM 1979 i heimlandet, deltok Lutsjenko i samtlege verdsmeisterskap. Han sanka til saman åtte VM-gull, to VM-sølv og ein VM-bronse. Både i 1972 og 1976 vart han olympisk meister for Sovjetunionen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wladimir Jakowlewitsch Luttschenko» frå , den 19. april 2020.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976