mini|Arne (t.h.) og Carlos framfor designarjuletreet 2010 på Maihaugen. Treet var dekorert med meir enn 1000 av julekulene deira. mini|Carlos Zachrison (t.v.) og Arne Nerjordet i 2013 Arne & Carlos er ein designarduo danna av norske Arne Nerjordet (fødd 22. juni 1963) og svenske Carlos Zachrison (fødd 26. august 1970). Dei nyttar Arne & Carlos som firmanamn og forfattarnamn, og som merkenamn for produkta sine. Duoen formgjev hovudsakleg klede, leiketøy og interiørgjenstandar, ofte i strikk.

Sidan 2000 har paret budd og arbeidd i den ombygde ekspedisjonsbygningen på den nedlagde jernbanestasjonen på Tonsåsen i Etnedal i Valdres.Tobiasson, Nerjordet og Zachrison (2007), s. 11

Frå 2002 til 2008 utforma Arne & Carlos stort sett klesplagg i ulike tekstil, men frå 2008 byrja dei konsentrera seg om strikk. Etter at dei gav ut boka Julekuler i 2010, har dei arbeidd mykje med utvikling av plagg og gjenstandar for handstrikk. Duoen har ein særeigen stil der dei tek utgangspunkt i tradisjonelle mønster, gjev dei eit moderne uttrykk og set dei inn i overraskande samanhengar.Kreutz-Hansen (2008)

Dei første sju åra Arne Nerjordet var lærar ved motedesignskolen Esmod i Oslo då han og Carlos Zachrison møtte kvarandre i 1999. Nerjordet hadde tidlegare studert ved skulen, medan Zachrison var utdanna statsvitar. I 2000 flytta dei to saman til den nedlagde jernbanestasjonen på Tonsåsen i Valdres.

Firmaet og merket Arne & Carlos blei skipa i 2002, same året som duoen viste fram den første kleskolleksjonen sin under visingsarrangementet «DesignStreet» i Oslo. Kolleksjonen var inspirert av Dolly Parton og hadde element av både kitsch og humor. Han blei omtalt som «eklektisk» av sjefredaktøren i motebladet Tique, Tone Skårdal Tobiasson, som gav han særs positiv omtale.Tobiasson, Nerjordet og Zachrison (2007), s. 8 Utstillinga blei vist på motemesser i Paris same haust.

I fleire år presenterte dei to–tre kolleksjonar årleg. Dei første to kolleksjonane sydde dei sjølv. Seinare har dei konsentrert seg om design og utvikling av nye modellar, og sett bort sjølve saumen til fabrikkar og syatelier.Nasjonalmuseet (2012) Arne & Carlos – eit ferdaminne

Arne & Carlos fekk frå visinga av den første kolleksjonen sin stor merksemd og gode kritikkar i utlandet, men i Noreg gjekk salet dårleg. I 2008 blei selskapet slått konkurs, men starta opp igjen etter kort tid som Arne & Carlos DA.Stabæk, Christel M. (2008) «Går videre etter investorhavari» I: Dagens Næringsliv, 14.08.2008, s. 26

Strikk Etter at dei starta igjen opp i 2008 satsa Arne og Carlos på strikk, både maskinstrikk og handstrikk. Sjølv strikkar dei prototypane og lagar oppskrifter til små gjenstandar, som leiketøy. Desse oppskriftene blir publiserte i tematiske inspirasjons- og oppskriftsbøker. For større ting som genserar og andre plagg, er det dei som formgjev, medan mønster, oppstrikking og presentasjon av plagga blir gjort ved Dale Garn.Nasjonalmuseet (2012) Arne & Carlos – eit ferdaminne

Den første strikkekolleksjonen for handstrikk utvikla dei for butikkjeda Norsk Flid i 2007.Norsk Flids presentasjon av kolleksjonen Lest 8. januar 2014

I 2010 gav Arne & ut til inspirasjons- og oppskriftsboka Julekuler med oppskrift på 55 ulike handstrikka julekuler. Boka blei ein suksess,NRK-omtale av bestselgeren Besøkt 19. januar 2014 og blei omsett til fleire andre språk.Tall fra BIBSYS 20. januar 2014

Utstillingar (utval) I tillegg til visingar på motemesser i inn- og utland, er produkta til duoen og prosjekt vist på fleire ulike utstillingar.

I 2006 var dei blant dei utvalde designarane til utstillinga «From Valdres to Vogue» i Norsk Design- og Arkitektursenter (DogA).norskdesign.nos informasjon om utstillingen Besøkt 17. januar 2014

I 2012 var det tiårs-jubileum for presentasjon av den første kolleksjonen. I dette høvet samarbeidde Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og DogA om å produsera to vandreutstillinger rundt Arne & Carlos sitt univers: galleriutstillinga Arne & Carlos – eit ferdaminne og Kryp, køntri og spaceinvaders, som var del av Nasjonalmuseet sitt tilbod til skulebarn gjennom Den kulturelle skulesekken.

Begge utstillingane fokuserte på kreativitet og designprosessen, med innlagde workshoppar for vitjande. Før utstillingane blei sende ut til skular og galleri, blei dei sommaren 2012 viste i DogA sine lokale i Oslo.DogAs informasjon om utstillingene Besøkt 20. januar 2014 Kryp, køntri og spaceinvaders var finalist i konkurransen om «Gullsekken», ein pris knytt til Den kulturelle skulesekken, i 2013.

Utmerkingar og offentlege innkjøp (utval) I 2004 oppretta motemagasinet Henne designprisen Nåløyet. Arne & Carlos fekk den første prisen, for sin «nyskapende, feminine og lystige design».Engelsås, Line (2013) «HENNE NÅLØYET 2013!». I: Henne, februar 2013

I 2010 fekk dei Norges Husflidslag si høgaste utmerking, «Fortjenstmedalje i gull med diplom».Norges Husflidslags omtale av tildelingen Besøkt 12. januar 2014

Nasjonalmuseet har kjøpt inn tre plagg frå Arne & Carlos sin kunstneriske produksjon. Desse tre er presenterte i brosjyren til utstillinga «Arne & Carlos - eit ferdaminne».

I 2014 blei Arne Nerjordet utnemnd som «æresgausdøl» av formannskapet i Gausdal kommune.Kommunens omtale av tildelingen Besøkt 3. mars 2014

Utgjevingar Masker og snitt fra Tonsåsen - Norges Husflidslag, 2007 Julekuler – Cappelen Damm, 2010 Strikkedukker – Cappelen Damm, 2011 Adventskalender, strikk en A&C julekule hver dag i adventstiden - Cappelen Damm, 2011.Dale Garns informasjon om adventskalenderen Besøkt 17. januar 2014 Påske hele året – Cappelen Damm, 2012 Håndarbeid fra hagen – Cappelen Damm, 2013 Strikk fra Setesdal : tradisjon med ny vri – Cappelen Damm, 2013 30 tøfler : ett grunnmønster – Cappelen Damm, 2014 Boka du lager selv – Cappelen Damm, 2015

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arne & Carlos» frå , den 18. april 2020. oppgav desse kjeldene: Grann, Annemona (2010) «Vær trendy, strikk sjøl». I: Adresseavisen 1. september 2010, s. 3 Hovland, Kirsti (2009) «– Fremtiden er Arne & Carlos …». I: VG 16. mai 2009, s. 43 Kreutz-Hansen, Hanne (2008) «Eksotisk strikk. Det måtte strikkepinner til for at Arne & Carlos skulle lykkes som designere». I: VG 30. august 2008, s. 64 Nasjonalmuseet (2012) Arne & Carlos – eit ferdaminne, brosjyre til en vandreutstilling. Les på nett (PDF) Besøkt 17. januar 2014 Nasjonalmuseet (2012) Kryp, køntri og spaceinvaders, lærerveiledning til en vandreutstilling. Les på nett (PDF) Besøkt 20. januar 2014 Solhaug, Berit (2007) «Arne & Carlos, rotekte kosmopolitter». I: Norsk Husflid, årg. 42 nr. 4, s. 14–16 Tobiasson, Tone S., Arne Nerjordet, Carlos Zachrison (2007) Arne & Carlos : masker og snitt fra Tonsåsen. Oslo, Norges husflidslag. ISBN 978-82-91195-31-5

Kategori:Folk frå Etnedal Kategori:Norske formgjevarar Kategori:Strikking