First Base er debutalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth. Det vart produsert av Alan Shacklock og Nick Mobbs i Abbey Road Studios mellom juni og september 1972, og kom ut same året.
Songen «Wells Fargo» — ein hardrocksong kalla opp etter pengetransportlinja i det gamle veste, med tekstar om denne cowboytida - vart gjeven ut på singel og vart populær på FM-radio i USA.
Albumet selte til gullplate i Canada, og selde godt i USA, medan salstala var skuffande i Storbritannia. Songen «The Mexican» er blitt spelt av mange andre artistar gjennom åra, mellom anna i 1984 av John «Jellybean» Benitez med vokal av Janita Haan. «The Mexican» vart òg miksa inn i tredje sporet på The Dirtchamber Sessions Volume One av Liam Howlett frå The Prodigy i 1999 og covra av GZA i 2015.
Plateomslaget og fotografiet vart laga av Roger Dean.
Innhald
Medverkande Babe Ruth Alan Shacklock - gitar, Hammondorgel, perkusjon, vokal Janita «Jennie» Haan - vokal Dave Hewitt - bassgitar Dick Powell - trommer, perkusjon Dave Punshon - elektrisk piano, klaverinstrument
Gjestemusikarar Gasper Lawal - conga, bongo, cabasa Brent Carter - saksofon Harry Mier - obo Peter Halling - cello Clive Anstee - cello Manny Fox - cello Boris Rickleman - cello Jeff Allen - trommer på «The Runaways»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «First Base (album)» frå , den 11. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Babe Ruth-album Kategori:Debutalbum frå 1972 Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Harvest Records-album Kategori:Album produserte av Alan Shacklock