Que Pasa er det sjette studioalbumet til den engelske rockegruppa Babe Ruth, gjeve ut i 2007.

Mellom seint i 2005 og tidleg i 2006, kom det originale Babe Ruth, med Janita Haan, Dave Hewitt, Alan Shacklock, Dave Punshon og Ed Spevock saman att for å spele inn eit nytt album, tretti år etter det førre.Bobbyshred.com Alle utanom Spevock møttest i Nasvhille i USA, medan Spevock spelte trommene sine inn i London. Albumet var ferdig i september 2006, og vart tilgjengeleg digitalt på den offisielle nettsida til bandet i 2007. 11. august 2009 kom albumet ut i fysisk format på Revolver Records.

«Mother Tongue» er delt inn i part 1 og part 2, skild av ein coverversjon av instrumentale «Apache» av The Shadows.

Bandet la ut på ein suksessrik turné i Canada i juli 2010.

Innhald

Medverkande Babe Ruth Janita Haan - vokal Alan Shacklock - gitar, klaverinstrument, programmering, produsent og miksar. Dave Punshon - piano Dave Hewitt - bass Ed Spevock - trommer

Gjestemusikar Kim Shacklock - sopranvokal (1-3) DJ Kidsmeal - turntables (2-7)

Kjelder

Kategori:Babe Ruth-album Kategori:Musikkalbum frå 2007