Donald Duck & Co er eit norsk vekeblad med teikneseriar om Walt Disney-figurar, med særleg vekt på Donald Duck og andre innbyggjarar i Andeby. Bladet hadde første utgjeving i 1948 og vart etter kvart tidenes mest populære teikneseriehefte i Noreg.

Bladet kom ut månadleg dei første åra og vekentleg frå september 1958. Frå nyåret 2015 kjem bladet ut annakvar veke i laussal i butikk, medan dei som abonnerer framleis vil få bladet vekentleg.http://www.vg.no/rampelys/slutt-for-donald-som-ukeblad/a/23362904/

Bladet er distribuert av danske Egmont Hjemmet Mortensen. Hovudredaktør er Marius Molaug. Ansvarleg utgjevar er Anita R. Tveten.

Litteratur Jon Gisle: Donaldismen. Et muntert-vitenskapelig studie over Donald Duck og hans verden, Oslo: Gyldendal, 1973

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Donald Duck & Co i Inducks

Kategori:Norske vekeblad Kategori:Skipingar i 1948 Kategori:Teikneseriar