Kanelrose (Rosa majalis) er ei plante i roseslekta. Kanelrosa er ein 50-200 cm høg busk med underjordiske utløparar. Blomane er om lag 5 cm i diameter med mørkrosa kronblad.

I Noreg er arten registert over heile landet, men er oftast å finne på Austlandet og i Trøndelag. Arten veks naturleg frå Skandinavia austover til Sibir og sør til Frankrike og Italia.

Ei kryssing mellom kanelrose og ei ukjend gallicaarose er opphavet til rosegruppa francofortuna.

Etymologi Det norske namnet refererer til borken på greinene som kan minne om kanel. Det latinske majalis kjem av at planta blomstrar i mai, noko som er tilfelle lenger sør i Europa.

Referansar

Kategori:Rosefamilien