Frode Alfson Bjørdal () er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.
Utdanning Bjørdal tok cand. mag ved Universitetet i Bergen i 1985 med filosofi, logikk, samfunnsøkonomi, samfunnskunnskap og matematikk i fagkrinsen. Han var Deutsche Akademische Austauschsdiens Stipendiat ved Johan Wolfgang Goethe Universitetet i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland 1985/86. Han fortsette studiane sine ved University of California i Santa Barbara i USA frå 1988 til 1992, og mottok doktorgrad der i 1993.
Karriere Frå 1992 til 1994 var Bjørdal universitetslektor ved Universitetet i Trondheim (nå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), fra 1994 til 1996 var han førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø og fra 1996 til 2005 var han førstemanuensis ved Universitetet i Oslo. Frå 2005 var han professor ved Universitetet i Oslo, og frå 2013 var han professor emeritus der. Frå 2013 til 2015 var han professor colaborador ved Universidade Federal do Rio Grande do Norte, og fra 2015 til 2019 hadde han forskningsstøtte frå CAPES.
Vitskaplege interesser Bjørdal har i hovudsak vore opptatt av å utvikle ein alternativ mengdeteori £ (Libra) som grunnlag for den matematikken som trengst for vitskap, og som også kan handtera dei mengdeteoretiske og semantiske paradoksa på ein ny måte. Han har også vore opptatt av emne i religionsfilosofi og modallogisk semantikk. Som logikar har han vide interesser i andre sentrale filosofiske område som etikk, metafysikk og epistemologi.
Offentleggjeringar i utval Kritisk Tenkning, Cappelen Akademisk Forlag, 1996, ISBN 82-456-0050-4. Understanding Gödel's Ontological Argument, i T. Childers (ed.), The Logica Yearbook 1998, FILOSOFIA, Prague, 1999, s. 214-217. Considerations Contra Cantorianism, i M. Pelis & V. Puncochar (eds), The Logica Yearbook 2010, s. 43–52, College Publications 2011. Librationist Closures of the Paradoxes, i Logic and Logical Philosophy, Vol. 21, No. 4 (2012), s. 323–361. The Evaluation Semantics – A Short Introduction, i M. Pelis & V. Puncochar (eds), The Logica Yearbook 2011, s. 31–36, College Publications 2012. Cubes and Hypercubes of Opposition, with Ethical Ruminations on Inviolability, i Logica Universalis Volume 10, Issue 2–3 (2016), s. 373–376. Elements of Librationism i arXiv:1407.3877. All Properties are Divine or God Exists – The Sacred Thesis and its Ontological Argument, i Logic and Logical Philosophy, Vol 27, No 3 (2018), s. 329-350.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Heimeside ved Universitetet i Oslo Offentleggjeringar i den norske forskningdatabasen Cristin
Kategori:Norske filosofiprofessorar