Pictures at an Exhibition er eit konsertalbum av det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i november 1971 på Island Records. det er ei innspeling av bandet sitt arrangement av Bilete på ei utstilling av Modest Mussorgskij, framført i Newcastle City Hall den 26. mars 1971. Keith Emerson ønskte å arrangere stykket etter å ha sett ei orkesterframføring av stykket fleire år tidlegare. Han kjøpte ein kopi av notane og la fram ideen til Greg Lake og Carl Palmer, som gjekk med på å lage ein versjon.

mini|Etikett for ei tysk utgåve av Pictures at an Exhibition

Pictures at an Exhibition nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og tiandeplassen på den amerikanske Billboard 200. I 2001 vart albumet gjeve ut på ny i ei ommastra utgåve som inkluderte ei studioutgåve av stykket.

Innspeling mini|Newcastle City Hall, der live-innspelinga fann stad. Det originale konsertalbumet vart spelt inn i Newcastle City Hall i Newcastle upon Tyne i England. Opningssporet vart spelt på eit pipeorgel av Harrison & Harrison som vart sett inn i konserthuset i 1928. Orgelet var plassert eit stykke over scenen og trommevirvelen som kjem mellom opningssporet og det neste sporet var for å dekkje tida det tok Emerson å kome seg ned på scenen.

På grunn av konfliktar i leiinga til bandet, vart ikkje innspelinga gjeven ut før etter Tarkus, det andre studioalbumet deira. Plateselskapet var motvillig til å gje ut ein klassisk suite på eit album og insisterte at det vart gjeve ut på den klassiske musikk-etiketten deira i staden. ELP frykta at dette kom til å føre til dårlegare salstal og valde i staden å legge utgjevinga på hylla. Etter suksessen med det andre albumet deira, valde selskapet likevel å gje ut Pictures som eit billig konsertalbum.

Det vart òg laga ein video av forskjellige konsertar (Lyceum Theatre, 9. desember 1970). Denne vart vist på somme kinoar i 1973 og kom ut på DVD med Dolby kringlyd i 2000. Sidan det var eit konsertalbum, vart tonen i dei spenningskontrollerte Moog-oscillatorane til Keith Emerson stundom ureine, på grunn av fukt og temperatur.

Plateomslag Plateomslaget vart designa og måla av William Neal. Det syner nokre blanke felt med rame rundt og titlar frå stykka: «The Old Castle», «The Gnome», etc. Dei blanke områda var i røynda store oljemåleri fulle av ELP-symoblikk, som Tarkus-bakgrunnen på «Hut» og den kvite dua i «Promenade».

På innsida av plateomslaget kunne ein sjå måleria, men eitt var framleis blankt: «Promenade». Det musikalske stykket handlar ikkje om eit bilete, men ei vandring gjennom galleriet. Somme CD-omslag nytta berre versjonen med dei «utildekte» bileta.

Alle måleria vart seinare hengde opp i Hammersmith rådhus i London, og fotografert av Keith Morris og Nigel Marlow.William Neal Studio

Arrangement Bandarrangementet av suiten nyttar berre fire av dei originale ti stykka i suiten til Mussorgsky, i tillegg til «Promenade» som knyter dei saman. Suiten vart framført på konserten som eit kontinuerleg stykke, med nye seksjonar skrivne av gruppa mellom originalstykka til Mussorgsky. Originalinnspelinga til Mussorgsky er utheva.

Promenade: Orgelsolo (instrumental) The Gnome: Gruppe (instrumental) Promenade: Hammondorgel og vokal (Mellomspel: kort synthesizersolo, ikkje eit Mussorgsky-stykke) The Sage: Eit nytt bilete «teikna» av Lake i same stemning som ein minnesang frå mellomalderen. Fungerer som ein slags romantisk opptakt til «The Old Castle» (Mellomspel: Moog-sløyfe-kontollert-solo av Emerson, ikkje eit Mussorgsky-stykke) The Old Castle: Full gruppe med ei mykje raskare utgåve av originaltemaet. Denne glir rett over i neste seksjon: Blues Variation, ein 12-taktsblues av heile gruppa, som låner tema frå både The Old Castle og noko musikk som Emerson tidlegare hadde spelt med The Nice Promenade: Gruppe (instrumental) The Hut of Baba Yaga: Gruppe (instrumental) The Curse of Baba Yaga er ein ny tittel til den midtre delen av originalstykket. Musikken er igjen ei tilpassing av det originale stykke, berre teksten og vokalen er heilt ny for dette stykket. The Hut of Baba Yaga: Gruppe (instrumental) The Great Gates of Kiev er òg det nest siste biletet i pianosyklusen til Mussorgsky, med vokal og tekst lagt til av gruppa. Stykket inneheld eit refreng i midten med Hammondorgel-feedback.

Innhald

* Studioutåve, spelt inn i 1993, gjeven ut i plateboksen The Return of the Manticore og somme utgåver av albumet In the Hot Seat frå 1994.

Medverkande Emerson, Lake & Palmer Keith Emerson – pipeorgel, Hammond (C3) og L100) orgel, Moog modular synthesizer, Clavinet Greg Lake – bassgitar, akustisk gitar, vokal Carl Palmer – trommer, perkusjon

Produksjon Produsent: Greg Lake Lydteknikar: Eddy Offord Ommastering: Joseph M. Palmaccio Arrangørar: Keith Emerson, Greg Lake Innspelt ved hjelp av Pye Mobile Recording Unit Design, måleri og kunst: William Neal Fotografi: Nigel Marlow, Keith Morris

Salslister Albumet nådde tredjeplassen på UK Albums Chart i desember 1971, men vart selt som eit billigalbum. Frå og med starten av 1972 vart reglane endra slik at billigalbum ikkje lenger vart inkludert på lista. Pictures forsvann derfor ut av lista etter berre fem veker.

I USA nådde albumet tiandeplassen på Billboard-lista tidleg i 1972.

Singel Nut Rocker / The Great Gates of Kiev (USA)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pictures at an Exhibition (album)» frå , den 24. februar 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konseptalbum Kategori:Album produserte av Greg Lake Kategori:Emerson, Lake & Palmer-album Kategori:Konsertalbum frå 1972 Kategori:Island Records-album