Bonanza er ein amerikansk westernserie som gjekk på NBC frå 1959 til 1973. Serien handlar om den hardt arbeidande og respekterte familien Cartwright og livet deira på ranchen Ponderosa i Nevada. Her jobbar dei mellom anna med å beskytte sin eigen ranch, samstundes som dei hjelper til med å halde områda rundt trygge. Familien består av Ben Cartwright (spelt av Lorne Greene) og dei tre vaksne sønene hans: Adam (Pernell Roberts), Eric (Dan Blocker) og Joseph (Michael Landon).

Serien vart særs populær i USA og låg øvst på fjernsynstoppen frå 1964 til 1967. I 1971 byrja sjåarinteressa å falle, noko som bidrog til at serien vart nedlagd i 1973. I tillegg døydde Dan Blocker i 1972, som gjorde det meir krevjande å halde fram med serien.

I Noreg har serien vorte send på TV 2 sidan 1997.Aftenposten TV-program seksjon (22.8.1997, s.4)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjernsynsprogram på NBC Kategori:Fjernsynsseriar frå 1950-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 1960-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 1970-åra Kategori:USA-amerikanske dramaseriar Kategori:Westernseriar