mini|Det finst ingen portrett av Du Fu frå samtida. Dette er ei seinare framstilling av diktaren. Du Fu (kinesisk skrift 杜甫, pinyin Dù Fǔ; () var ein kinesisk diktar og embetsmann som av mange blir rekna som den største kinesiske poeten gjennom tidene. Du Fu var ein nær ven av Li Bai, men i motsetnad til venen, som sokna til taoismen, var poesien til Du Fu djupt grunnfesta i verdisynet til konfutsianismen. Namnet hans kan òg skrivast som Tu Fu (Wade-Giles), Du Gongbu eller Du Shaoling. Stilnamnet (zi) hans er Zimei.
Du Fu skreiv fengslande om familielivet og sosiale dygder. Han skildrar òg på levande vis det sosiale elendet, korrupsjonen og maktmisbruken som kom til å setje sitt preg på Tang-dynastiet med utbrotet av An Lushan-oppreisten i 755, og har på den måten vore viktig for ettertida som sosialhistorikar. Han var ein meister i dei kinesiske diktformene, og nådde høgst i måten han nytta dei metriske verkemidla som var særmerkte for såkalla «regelrette vers» (lü-chi), ein verseform på åtte liner med fem eller sju stavingar i kvar line, inkludert eit enderim.Du Fu. (2018, 28. oktober). I Store norske leksikon. Henta 19. februar 2020 frå https://snl.no/Du_Fu Til saman har kring 1500 dikt og nokre prosastykkje skrivne av Du Fu overlevt for ettertida.Perkins, D., red. (2013). «Du Fu». Encyclopedia of China: History and Culture. London: Routledge. s. 135.
Livssoge Barne- og ungdomsår Du Fu vart fødd i året 712. Det er uråd å seie sikkert kvar han vart fødd, men ein veit at ætta hans talde mange gjæve menn. Ein av forfedrane hans hadde til dømes vore ein leiande general, statens høgste prefekt og gift med ein medlem av keisarhuset. Oldefaren til Du Fu verka ei tid som magistrat på provinsnivå, og farfaren hans var ingen ringare enn den kjende poeten Du Shenyan. Faren var magistrat i Liaoning, og på morssida nedstamma han frå Taizong av Tang.Dørumsgaard, A. (1967), s. 6-7. mini|Kina på den tida då Du Fu levde. Det er ikkje mykje ein veit om barndomen til Du Fu. Familien var ikkje rik, men var til gjengjeld høgt respektert. Mora døydde då Du Fu var liten, og difor var det ei tante som tok hand om guten gjennom oppveksten. Av dei fåe opplysingane Du Fu sjølv kjem med, heiter det at han allereie som sjuåring var dregen mot det heroiske, og det fyrste diktet han skreiv handla om føniksfuglen. I sitt niande leveår byrja han å arbeide med kalligrafi, og tidleg i tenåra skal han for alvor ha byrja å fatte interesse for litteratur.Dørumsgaard, A. (1967), s. 8 Du Fu hevda sjølv i seinare år at trongen til vin og sterk drikke hadde sitt opphav i ungdomsåra, og skriv sjølv at «vin var nødvendig for å mildne et kompromissløst Jeg, som på det sterkeste avskydde ondskap». Han unngjekk ofte sine eigne jamaldringar og søkte heller samlag med eldre. Saman med desse drakk han «inntil hverdagens vulgære problemer forsvandt og universet åpnet seg for våre sinn».
Det var på denne tida – om lag 728 – at Du Fu fyrst la ut på sine mange streiftog i naturen. Han kryssa Huangelva, og med tida vart reiserutene stendig lengre. I 730-åra reiste han heilt til sørkysten av den dåverande riksgrensa, der han særleg la vinn på å utforske gamle minnesmerke frå historisk tid og vakre utsyn. Denne siste reisen varte heilt til han omsider drog til hovudstaden Chang'an (dagens Xi'an) for å ta utdanning.
Fyrste opphald i hovudstaden For å kunne oppnå ei stilling i staten, laut Du Fu som alle andre ta ein litterær eksamen som gjorde ein kvalifisert til å tene som embetsmann. Å få ein eksamen godkjend kunne vere vanskelegare sagt enn gjort, fordi resultata ifylgje Arne Dørumsgaard «...ofte avhang vel så meget av kandidatenes propagandavirksomhet på egne vegne, som av deres egentlige talent». Du Fu var ikkje flink til å reklamere for seg sjølv, og dessutan meinte han at evnene hans aleine var gode nok til å sørgje for eit godt eksamensresultat – på denne tida hadde dikta hans allereie vekt åtgaum i litterære krinsar, og skaffa han vener mellom eldre og meir røynde diktarar. mini|left|Den vidgjetne Vesle villgås-pagoden i Chang'an vart bygd under Tang-dynastiet. Du Fu budde i hovudstaden i fleire omgangar. Då dei keisarlege eksamenane vart gjennomført i 736 enda Du Fu opp med å stryke. Ein kan ikkje seie noko sikkert om kvifor det vart slik, men Dørumsgaard lanserer ein teori om at poesien han skreiv i eksamenssvaret rett og slett var for komplisert til at sensorane forstod innhaldet. Du Fu skreiv nemleg ein poesi som låg nærare den tungt alluderande poesien som vart skrive i Han-tida. Det vanlege var at kandidatane skreiv poesi dei trudde sensorane ville setje pris på, og ifylgje Dørumsgaard er det ikkje usannsynleg at den akademiske stilen Du Fu la for dagen gjekk over hovudet på sensorane.Dørumsgaard, A. (1967), s. 8-9 Resultatet var ikkje som Du Fu hadde venta, og i 737 forlét han hovudstaden.
Dei neste åra var Du Fu jamleg på reisefot og vann seg mange vener. I 741 slo han seg ned i Shouyang og bygte seg eit lite hus. På denne tida byrja han for fyrste gong å kjenne fattigdomen på kroppen. Utan eksamen var moglegheitene for å få ei stilling som gav god løn heller små, og Du Fu laut sannsynlegvis livnære seg som privatlærar. Han skal òg ha spedd på innkomene ved å arbeide som sekretær for ein lokal stormann.
På slutten av den åtte år lange perioden utanfor hovudstaden vart han kjend med den vidgjetne diktarkollegaen Li Bai og den noko eldre poeten Gao Shi. Li Bai vart gjennom åra ein ven Du Fu kom til å høgvyrde, og dei dikta han gjennom åra skreiv til Li Bai høyrer ifylgje Dørumsgaard til «...blandt de ypperste i hele hans produksjon».Dørumsgaard, A. (1967), s. 10
Attende i Chang'an I 745 drog Du Fu attende til Chang'an, der han dei komande åra levde i fattigdom og oppheldt seg på dei små vertshusa som låg i utkanten av byen. Han freista enno ein gong å ta dei litterære eksamenane, men strauk for andre gong. Denne gongen låg skulda hjå statsminister Li Linfu, som sytte for at alle kandidatane strauk fordi han ikkje ville ha utfordrarar som kunne påverke keisar Xuanzong av Tang ved hoffet. Motgangen gjorde Du Fu vonbroten, og på denne tida byrjar dikta hans å få ein meir pessimistisk tone. Denne pessimismen kom til å bane veg for den sosiale orienteringa som prega den seinare poesien hans. Dikt som «Palasset Kiu-cheng» og «En båtferd på sjøen Mei-Pei» er typiske for det mismotet som voks i Du Fu på denne tida. mini|Byste av Du Fu i den rekonstruerte stråhytta hans. Han hadde etter kvart skjønt at krigspolitikken åt Li Linfu skapte misnøye i folkesetnaden, og at keisaren og rådgjevarane hans ikkje var klår over den uroa som rådde i landet. Medan den fyrste krigsdiktinga Du Fu skreiv hadde vore patriotisk og oppglødd, vart diktinga hans no kritisk til korleis krigføringa råka vanlege folk. Det fyrste store diktet hans med dette som tema er «En sang om stridsvogner» skrive vinteren 750, og ifylgje Dørumsgaard slo diktet an tonen for det som kom til å bli Du Fu sitt credo som diktar.Dørumsgaard, A. (1967), s. 11
Våren 752 fekk Du Fu lov til å gå opp til eksamen for tredje gong. Denne gongen greidde han endeleg å oppnå ståkarakter. Dette førte likevel ikkje til at han fekk ei stilling, og etter ei tid laut han forlate byen atter ein gong og slo seg ned i landsbyen Tuling, der slekta heldt til. I løpet av opphaldet der gifta han seg med dotter av ein lokal embetsmann og kjøpte ein liten eigedom. Året etterpå var han attende i Chang'an, men fekk framleis ikkje tildelt ei stilling. Landsbyen Tuling hadde i mellomtida blitt råka av hungersnaud, og Du Fu laut flytte familien til Fengxian. Etter ein ny periode utanfor hovudstaden vende han attende i 755 attende til Chang'an, der han skreiv eit Fu-dikt (eit slags prosadikt på rim) der han bønfall keisaren om å iallfall gje han ei lita stilling ved hoffet i ein litterær kapasitet, og no vart han endeleg høyrd: Fyrst fekk han tilbod om ei stilling som politi-kommisær i provinsen, ei stilling han takka høfleg nei til. I staden vart han førespegla ei mindre stilling ved hoffet, og drog heim til familien i Fengxian medan han venta på å bli teken opp i stillinga.Dørumsgaard, A. (1967), s. 14
An Lushan-oppreisten Medan Du Fu var hjå familien i Fengxian braut An Lushan-oppreisten ut 16. desember 755. Tilhøva i det kinesiske Tang-riket vart snøgt såpass kaotiske at Du Fu ikkje visste kva han skulle gjere, og så seint som i juli 756 sat han framleis i Fengxian. Til slutt tok han ei avgjerd om å flytte familien til ein liten landsby han vona kom til å skåne dei frå valdshandlingane. Så drog han for å finne keisaren og eksilregjeringa. Undervegs vart han teken til fange av opprørarane og ført til Chang'an. Vel framme i hovudstaden vart Du Fu – som var ein embetsmann utan stilling og dimed ein uviktig fange – sleppt fri frå fangenskapen. Du Fu vart verande i den opprørskontrollerte byen i eit års tid før han i mai 757 såg sitt snitt til å rømme frå byen og setje kursen mot keisarhoffet, som heldt til tjue mil utanfor Chang'an, i Fengxiang.Dørumsgaard, A. (1967), s. 16
I eit av sine mest kjende dikt, «Det som bekymrer mig mest», skildrar han på kjenslegripande vis gleda over å møte att keisaren og hoffet hans. Samstundes kjem det tydeleg fram at han er uroleg for familien sin:
«Nu tenker jeg på den stråtekte hytten i fjellet –; undres om noen står i den åpne døren og kanskje venter på at jeg skal komme igjen . . . Det må være koldt mellom furustubbene hjemme; tro om noen slapp fra det med livet?»Dørumsgaard, A. (1967), s. 74.
Keisaren lønte den attkomne Du Fu med ei lita stilling som sensor ved hoffet, og i løpet av tida hjå keisaren kom han òg saman med familien sin igjen.Dørumsgaard, A. (1967), s. 17 Du Fu var ein pliktoppfyllande og ærleg tenar ved hoffet, som ikkje gjekk av vegen for å kritisere avgjerder han var usamd i.Dørumsgaard, A. (1967), s. 16. På eit tidspunkt sat han endåtil fengsla på mistanke om å tilhøyre ein løynd konspirasjon, men vart frikjent då klagemålet kom for retten. Ved hoffet var det ifylgje Dørumsgaard krefter i sving som freista å stagge innverknaden til framstegsvenlege embetsmenn ved å sørgje for at desse vart avsett og sendt for å administrere avsidesliggjande provinsar i riket.Dørumsgaard, A. (1967), s. 18. Du Fu mista sakte men sikkert mange av velgjerarane sine ved hoffet, og hamna i ein armod som var så stor at han tilmed måtte pantsetje kleda sine for å få råd til å kjøpe vin. I juli 758 fall han sjølv i unåde og vart forvist til Huangzhou, eit prefektur som låg mange mil austover. Der vart han utnemnd til undervisningskommissær.
Chengdu Arbeidsbyrden i den nye stillinga er sannsynlegvis grunnen til at han skreiv få dikt i denne perioden, og når han fyrst skreiv var det gjerne medan han var ute på embetsreiser. I august 759 braut han opp frå Huangzhou etter å ha fått ein uavgrensa permisjon frå embetet sitt. Kjelder frå samtida hevdar at det var hungersnauden i området som fekk Du Fu til å seie frå seg stillinga, medan Dørumsgaard meiner at oppbrotet kan ha samanheng med at Du Fu var lei av at ingen lydde til råda han gav for å betre tilhøva i prefekturet.Dørumsgaard, A. (1967), s. 20. mini|Skrivestaden i den rekonstruerte stråhytta til Du Fu i Chengdu. Dei fyrste månadane etter permisjonen vart prega av eit flakkande tilvære og stor fattigdom for Du Fu og familien hans. I desember 759 sette dei kursen mot sør og kom til byen Chengdu. I Chengdu snudde lukka for Du Fu. Ifylgje sinologen William Hung var det sed og skikk i det gamle Kina at ein langvegsfarande mann i naud fekk hjelp og støtte. Du Fu var dessutan ein person som hadde von om å stige i embetsgradane, hadde tidlegare tent ved keisarhoffet og var diktar. Difor fekk han ved hjelp av private donasjonar bygt ei stråhytte på jord han fekk tildelt like utanfor bygrensa.Dørumsgaard, A. (1967), s. 24.