DS «Ulefoss» (kallesignal MCWD - LDFT) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for A/S Manchester (Winge & Co.) i Oslo.

I 1915 vart det selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Deneb». Seinare hamna det hos italienske og jugoslavsiske eigarar, før det vart opphogd i 1966.

Historie Skipet vart bygt ved Nyland Mekaniske Verksted i Kristiania og levert i september 1906. Skipet gjekk i rute til vestkysten av Storbritannia og hamnebyane Manchester, Preston og Glasgow frå Oslo. I 1908 tok Thor Thoresen jr. over styringa i selskapet. I 1914 kom Thor Thoresen til avtale med Det Bergenske Dampskipsselskap om samarbeid på denne britiske ruta, og DBS kjøpte i februar 1915 «Ulefoss» for 277 998 kroner og gav det namnet «Deneb». På grunn av første verdskrigen vart det ikkje noko av samarbeidet på ruta, og «Deneb» kom først inn i denne ruta i 1919. I mellomtida, i 1917, vart skipet rekvirert av britiske styresmakter gjennom Shipping Controller og vart drive av H. Doughty & Co. i London.

I 1934 vart skipet selt til Marittima Commerciale Brindisina i Brindisi i Italia, og det vart omdøypt til DS «Brundusium». I 1936-1937 vart det selt til Achille Lauro i Napoli i Italia. 8. september 1943 vart det beslaglagt av tyskarane medan det segla på kysten av Dalmatia i Kroatia. Ein gong i 1945 vart det søkkt av eige mannskap under evakueringa av Dubrovnik i Jugoslovaia. Seinare vart det heva av eit jugoslavisk bergingsselskap og reparert.

I 1954 vart skipet sett i fart att som DS «Dunav» for Jadranska Slobodna Plovidba i Rijeka i Jugoslavia. I 1960 vart det selt til Losinjska Plovidba i Mali Losinj i Jugoslavia, før det i september 1966 vart selt til Cant. Nav. Santa Maria i La Spezia i Italia for opphogging.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 230 brt, 749 nrt og lasteevna var 1 590 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 229 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Nyland. Oppgjeven yting var 650 iHk (indikerte hestekrefter) og 126 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.

I 1931 fekk skipet straumlinjeror.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Nylands mekaniske verksted Kategori:Skip frå 1906 Kategori:Skip sluttsegla i 1966 Kategori:Italienske dampskip Kategori:Italienske lasteskip Kategori:Jugoslaviske dampskip Kategori:Jugoslaviske lasteskip