Thor Thoresen () var ein norsk skipsreiar.
Thoresen utdanna seg først i Tønsberg og Kristiania, før han tok eit seks år langt studieopphald i Tyskland, Frankrike, England og USA. Han gjekk deretter inn i reiarlaget til faren, Otto Thoresen. I 1903 vart han kompanjong i Winge & Co, før han 29 år gammal stifta sitt eige reiarlag. Frå 1911 dreiv han òg eige firma i Manchester, og i 1913 skipa han Den skandinaviske Øst-Afrikalinje. Ved utbrotet av første verdskrigen disponerte han ein stor flåte. Seinare i livet konsentrerte han seg om Manchesterruta, og ved sida av dette var han styreformann og styremedlem i Den norske Amerikalinje.«Dødsfall: Thor Thoresen». Aftenpostens morgenutgave, 6. april 1951.
I 1905 var Thoresen med på å stifta Oslo Rederiforening, og han var styremedlem i fleire år. I perioden 1917–1923 var han formann i Noregs Rederforbunds Ruteskipsgruppe. I 1919 representerte han skipsreiarane i den norske delegasjon under handelsforhandlingane med den gjenoppretta polske staten, i det som vart byrjinga til polsk-norske skipsfartssamband.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thor Thoresen (1878–1951)» frå , den 4. januar 2020.
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Tjøme