DS «Pollux» (kallesignal MDRC) var eit dampskip levert i november 1907 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). ¨ Historie Skipet vart bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i Grimstad og levert til BDS i november 1907 for ein kostnad på 331 976 kr.

I 1914 vart skipet ombygd i Stavanger for å ta meir passasjerar før det var sett inn i ruta på Island.

18. mars 1917 vart skipet torpedert i Nordsjøen ved 57° 55'N, 1° 10'W utan førevarsel av den tyske ubåten «UC 45» med kapteinløytnant Hubert Aust. «Pollux» var på veg til Newcastle upon Tyne frå Bergen med sulfat, stykkgods og passasjerar. Åtte passjerar og åtte av mannskapet omkom, mellom anna direktørr Rolf Whist frå Norske Lloyd. Fem av dei omkomne var krigsforliste som var på veg heim.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 196 bruttoregistertonn og 690 nettoregistertonn og lasteevna var 1 450 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 095 m³ før ombygginga og 1 719 m³ etter ombygginga. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Laxevaag verft. Oppgjeven yting var 750 iHk (indikerte hestekrefter) og 142 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Fevigs Jernskibsbyggeri Kategori:Skip frå 1907 Kategori:Krigsforlis i 1917 Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar i første verdskrigen Kategori:Forlis i Nordsjøen